Foto: Sunnhordland museum
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I kveld opnar Sunnhordland museum ei ny utstilling som syne fram kor viktig torskefiskeet har vore for kystkulturen i Norge.

Kva har eigentleg torsken betydd for norske kystsamfunn? Det har Universitetet i
Tromsø forska på, og resultatet er den fargerike og artige utstillinga «SE TORSKEN!» som no er klar for Stord.

– Det er viktig for oss å vise denne sida av kystkulturen og den maritime historien. Korleis fisk er og har  vore ein veldig viktig industri i dette landet, og ikkje minst korleis sunnhordlendingane har eit veldig nært forhold til sjøen, seier museumsdirektør Håvard Tvedte.

Opninga skjer torsdag kveld i Museumshallen kl. 19. Seniorforskar Erik Olsen frå Havforskingsinstituttet og Øystein Rabben, leiar av Austevoll Fiskarlag er blant dei som vil delta på opningsarrangementet.

– Dei siste åra har det vore fleire omstillingar i arbeidslivet her i vest, og fleire har funne nytt arbeid i fiskenæringa. Ein skaffar seg sjark og utstyr, og reiser til Nord-Noreg for å fiska skrei og torsk. Det same gjorde sunnhordlendingane for snart 150 år sidan, i 1870. Det var då silda svikta, etter det som hadde vore ein av «gullaldrane» i regionen vår, og mange var nøydde til å finna nye inntekter, skriv formidlar Johanne Øvstebø Tvedten.

Museumet framhevar korleis dei aller fleste nordmenn eit forhold til torsken.

- Annonse -

– Ffiske i late sommarkveldar, juletorsken, både inntekter og matauk. Torsken har vore ein bærebjelke i mange kystsamfunn og på mange middagsbord. Torsken har mange ansikt, og denne utstillinga hyllar torskefisken og viser kor mangfaldig han er.

- Annonse -