Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden
- Annonse -

– Regjeringa ønskjer å gjere det så enkelt som mogleg å ferdast i trafikken. No sørger vi for at idrettslag og organisasjonar får rabattar på ferjer, sjølv om dei nyttar fleire køyretøy. 

Det seier samferdselsministeren Jon Georg Dale i eit presseskriv frå regjeringa måndag denne veka.

Samferdselsdepartementet bad om ei særregel for bruk av rabattkortet etter innføringa av AutoPASS-ferjekortet, slik at lag og organisasjonar kunne betale med dette.

– Vi ønskjer ei vidareføring av særregelen. Det bør vere ei løysing der ein kan betale med eit AutoPASS-ferjekort for fleire køyretøy, når det køyrer saman på same ferjeavgang. Det er ikkje alle som køyrer buss når dei skal på arrangement, seier Dale.

– Med denne endringa gjer vi det enklare og billigare å vere på tur med idrettslaget eller ein organisasjon.

Dei nye takstane trer i kraft 1. januar 2020.

- Annonse -