To av modulane som skal bli den sju etasjars bustadplattforma til Johan Sverdrup låg førre veke på lekter, klar til avreise for samanstilling på Kværner Stord. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

170 ingeniørar har vore i sving under bygginga av bustadkvarteret til Johan Sverdrup-plattforma. – Me hadde ikkje éin ledig kontorplass, fortel prosjektleiaren.

To av modulane som skal bli det rekordstore bustadkvarteret til Johan Sverdrup-plattforma står rigga klare til avreise på ein lekter i Aslaksvikjo når Stord24 er innom ei knapp veke før leveringsdagen.

Måndag skal endeleg rekordprosjektet til Apply Leirvik leverast til samanstilling ved Kværner på Stord. Og det er vanskeleg å overdrive viktigheita av Johan Sverdrup-prosjektet for Apply Leirvik.

– Me har aldri hatt ein jobb i dette omfanget. Dette er jo vel fire gonger så stort som eit vanleg bustadkvarter. Her har me fem fulle etasjar med plass til 560 mann. Dette er svære greier, seier prosjektleiar Leif Ståle Lidal.

For å setje størrelsen på bustadkvarteret i perspektiv så tel det altså 14.500 kvadratmeter. Den førre store jobben til Apply Leirvik leverte til Kværner, Edvard Grieg-bustadkvarteret, var på 2600 kvadratmeter. Sjeldan har verksemda bygd bustadkvarter større enn 3500 kvadrat.

To modular blei måndag sendt til Kværner, og ligg no utanfor dokken og ventar på å bli lasta inn på plattformdekket onsdag.

- Annonse -

Veka før jul  kjem det ytterlegare to modular frå Emtunga i Gøteborg. Så står det att helikopter-hangar, helikopter dekk og baserom som skal leverast i løpet av våren.

Prosjektleiar Leif Ståle Lidal og ingeniørleiar Arne Ottesen har hatt ansvaret for prosjektet som har gitt arbeid til 170 ingeniørar. Foto: Jonas Sætre/Stord24

300.000 timar

Sjølv om hovuddelen av det sju etasjars høge bustadkvarteret til Johan Sverdrup-plattforma no blir sendt av garde betyr ikkje det på langt nær at jobben er ferdig.

No skal Apply Leirvik bruke heile 300.000 timar på Kværner på Stord før jobben er fullført. Heile 300 Apply-tilsette skal i sving under ferdigstillinga av topsiden.

– Det er ganske mykje. Me har jo vore på Kværner tidlegare for å ferdigstille bustadkvarter, men dette her er veldig mykje større. No startar den mest spennande fasen i prosjektet, med tanke på utfordringar og risiko. No går me inn i den mest ukjende fasen. Me skal jobbe veldig høgt i lufta på bustadkvarteret som ligg på lekter i dokken, seier Lidal.

Heilt fullt i bygget

Men sjølve ingeniørfasen er dei no stort sett ferdige med. Johan Sverdrup-prosjektet har nemleg vore ein milestein for ingeniøravdelinga på Apply Leirvik. På det meste har det vore 170 ingeniørar i arbeid, 140 av dei på Stord. Noko slikt har verksemda aldri ført vore i nærleiken av.

– Me hadde ikkje éin ledig kontorplass. Det var heilt stappa fullt. Me kunne rett og slett ikkje ta inn fleire, fortel Arne Ottesen, leiar for engineering og teknologi i Apply Leirvik.

– Men kva skal alle desse ingeniørane drive med no når Johan Sverdrup-jobben nærmar seg slutten?

– No hadde me jo ein god del innleige. Rundt 90 var blant våre eigne. Alle desse er no i arbeid på dei nye prosjekta eller i sluttarbeidet på Sverdrup. Så vår eigen bemanning er framleis i full drift.

Ottesen fortel at oljekrisa nesten kom som bestilt for verksemda, då dette med å rekruttere ingeniørar plutseleg ikkje var eit problem lenger.

– Dette med å få tak i folk har ikkje vore noko sak denne gongen. Det var jo ein veldig dipp for mange andre, samtidig som me fekk veldig mykje å gjere. Så me opplevde ein heilt annan kvardag no enn for eitt eller to år tidlegare, då me verkeleg sleit med å få tak i folk. Det var definitivt eit gunstig tidspunkt for oss.

No når Johan Sverdrup-arbeidet nærmar seg slutten er det gull verdt for Apply Leirvik at dei fekk kontrakten med å levere bustadkvarteret til den brasilianske Perigrino-plattforma til Statoil.

– Me hadde fått ein tung haust dersom me ikkje hadde fått Perigrino-kontrakten i sommar. Då hadde nok i verste fall rundt halvparten stått utan arbeid, seier Ottesen.

Slik vil plattformdekket til Johan Sverdrup-plattforma bli når jobben er ferdig utført ved Kværner Stord.

Unik konkurransekraft

I haust fekk dei også sikra seg meir arbeid på Valhall-plattforma. Lidal trur den lange erfaringa til verksemda gjer at dei har opparbeida seg eit stort konkurransefortrinn.

– Me har all engineeringa på fastpris. Det er veldig få som har det. Det er stort sett dei som bygger bustadkvarter og dei som bygger jacketar, som på Kværner i Verdal. Alle andre topsider er betalt på timar. Me brukar omtrent halvparten av engineering-timar per kilo levert produkt i forhold til dei som får betalt time for time, seier Lidal.

Å levere på fastpris medfører ei auka risiko, men det kan Apply Leirvik ta seg råd til, då dei har bygd opp ein sterk spisskompetanse på bustadkvarter opp gjennom åra.

– Det er klar det er ein risiko involvert. Men sidan me har gjort denne jobben i så mange år så er me trygge på den risken. Dette er me stolte av. Konkurransekrafta vår her på Stord er heilt unik.

Viktig ingeniørsatsing

Leif Ståle Lidal har jobba i Apply Leirvik sidan 1989, eitt år etter at ingeniøravdelinga på «sveisen» blei bygd opp i samband med bygginga av Snorre A-plattforma. Sidan har ingeniøravdelinga blitt stadig større, og under den travlaste tida med Johan Sverdrup-bustadkvarteret så var det ikkje ein kontorplass å oppdrive i det knapt tre år gamle administrasjonsbygget.

– Me har halde på lenge med dette. Etter 1988 har me gjennomført engineeringa av alle bustadkvartera her på Stord. Det synest eg er ganske bra. Det har jo blitt nokre bustadkvarter på desse 30 åra.

– Kor viktig har satsinga på ingeniørar vore for Apply Leirvik?

– Viss me ikkje hadde satsa på engineering så hadde me nok halde på med noko heilt anna i dag. Det er utruleg viktig å ha samspelet mellom engineering og fabrikasjon. Eg trur me rett og slett hadde prist oss ut dersom me skulle ha kjøpt ingeniørtenestane, seier Lidal.

– Me sit med heilskapen, og har ansvar for engineering, innkjøp og fabrikasjon. Det er ein del av nøkkelen til suksessen, skyt Arne Ottesen inn.

Han trur breidda i kompetanse er har vore viktig for at verksemda har klart seg så bra.

– Me har jo bygd oss opp lang tilbake i tid. No har me alle fag innan ingeniørar. Det er utruleg viktig at me har eit vidt spekter, frå det akademiske til det praktiske. Då får me utnytta det i ingeniørarbeidet, slik at dei forstår kva som skal byggast.

Administrerande direktør Helge Gjøsæter kan ikkje overdrive viktigheita av Johan Sverdrup-kontrakten for å sikre aktivitet ved verksemda. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Leverer på dagen

Administrerande direktør i Apply Leirvik, Helge Gjøsæter, fortel at bustadmodulane til Johan Sverdrup som no vert levert, skjer akkurat på datoen i høve det som var planlagt i fjor.

– Det har jo vore utfordringar under vegs, men dei har vore løyst i samarbeid med kunden. Så per i dag ligg prosjektet heilt etter planen. Då modulane gjekk ut av hallen førre laurdag var det planlagt i halvtanna år i forvegen at den skulle ut akkurat denne datoen. Det beviser jo berre kor flinke verfta i Norge er å levere på tid og plan.

Gjøsæter framhevar den store ingeniørjobben som er gjort på Sverdrup-kontrakten før oppstart av produksjonen, men peiker også på kor stor jobb som skal gjerast på Kværner i 2018.

– Dette er først og fremst ein ingeniørjobb for oss, i tillegg til ein stor fabrikasjonsjobb. Til neste år vil me ha fleire personar om bord på Johan Sverdrup enn kva Kværner har sjølv. Me har ein stor jobb med samanstillinga fram til oktober. Me får eit hektisk 2018, med mange bitar som framleis skal monterast. Dette er jo eit gedigent puslespel.

– Kor viktig har Johan Sverdrup-kontrakten vore for Apply Leirvik?

– Det var utruleg viktig. Alternativa i denne fasen hadde ikkje vore så mange. Det gjeld jo både for Kværner og Aibel også. Så utan Sverdrup hadde jo desse tre verfta vore i ein heilt annan situasjon. Definitivt.

- Annonse -