Dagleg leiar i Fest i Vest, lovar store artistar til sommaren si utgåve av festivaenl i Sagvåg. Foto: Jonas Sætre/Stord24/IL Solid
- Annonse -

Storm Weather Shanty Choir er første band ut for årets utgåve av Sagvåg-festivalen Fest i Vest.

– Me reknar med høg allsong faktor og god stemning med shantykoret, me gler oss enormt, og tykkjer det er svært gledelig at me har fått til denne bookinga, seier dagleg leiar i Fest i Vest, Anders Fosse.

– Publikumet vårt har etterspurt koret i alle år, og no kjem dei endelig på scena vår i Sagvåg!

Fosse er travelt oppteken med å planlegge den fjerde utgåva av Fest i Vest, som også i år vil gå føre seg siste helga i juni. Fjorårets festival vart ein stor suksess, med 1700 som løyste billett og økonomisk overskot.

– No er det fjerde gongen på rad me skal gjere dette her, og me merkar det går lettare for kvar gong. Me er i full gang med planlegginga, og er heldige å har fått dei same folka og dei gode samarbeidspartnarane med vidare.

Brukar mykje pengar på artistar

Fosse seier det ikkje er lenge til dei kan gå ut med fleire artistar for årets festival.

- Annonse -
- Annonse -

– Sjølv om me også i år vil ha eit stort fokus på å halde kostnadane nede, så vil det gå ganske mykje pengar til artistar. Det kjem til å bli nokre store headlinarar. Både fredagen og laurdagen blir det store, nasjonale artistar, samtidig som me vil plukke fram nokre gullkorn lokalt.

Festivalsjefen hintar også til at dei i år kanskje hara ei ekstra stor overrasking på lur når det gjeld booking av artistar.

– Plutseleg blir det noko heilt unikt som me no jobbar hardt med, som kjem til å bli veldig bra. Utan eg kan seie så mykje meir no.

- Annonse -
Storm Weath Shanty Choir kjem på årets Fest i Vest. Pressefoto.

Vurderer camping og to scenar

– Korleis kjem årets Fest i Vest til å skilje seg frå i fjor?

– Me vil framleis ha det uformelt, med låg terskel og ein festival som skal vere for alle. I år vil me vurdere gratis buss mellom Leirvik og Sagvåg. Me ser også på korleis me kan gjere laurdagen endå betre. Me vurderer ein ekstra scene i år. I tillegg ser me at me er nødt å ha moglegheit til ein festivalcamp i Sagvåg, til dømes på den nedlagte ferjekaien.

Fosse meiner det ikkje bør vere noko mål at festivalen skal fekse seg større og større for kvart år.

– Me skal ikkje kave og pese for å ha mest mogleg folk på festivalen, men skal gjere dei som kjem nøgd. Det er betre å ha 700 personar som storkosar seg enn 1500 halvnøgde publikumarar. Samtidig vil me jo sjølvsagt ha mest mogleg folk.

Deltok på 100 Dagar

Fest i Vest har i helga vore representert på bransjefestivalen 100 Dagar i Leirvik, der Fosse har fått høve til å knyte nettverk med dei andre store festivalane på Vestlandet.

– Det var veldig nyttig. Berre det å få eit ansikt på dei ulike festivalane. Terskelen for å ringe og spør og samarbeide blir mykje lågare etter å ha snakka med dei. Me får hausta erfaringar og sperra litt i lag.

Slik som i fjor, vil juryvinnaren av 100 Dagar-festivalen få speletid på Fest i Vest.

- Annonse -