Denne store hallen på Eldøyane vart opna i juni i fjor, og inneheld 100 kilometer med sjøkablar. Foto: REN Sjøkabelberedskap
- Annonse -

Stord kommune kan tene opptil fem millionar kroner på å selje areal til REN AS, som ønskjer å utvide beredskapslager på Stord.

I fjor sommar opna eit heilt nytt beredskapslager for sjøkablar på Eldøyane på Stord. Anlegget hadde ein kostnad på 230 millionar kroner.

Over 30 straumselskap gjekk då saman om bygginga av det nye beredskapslageret for sjøkablar, som er eitt av 4-5 andre tilsvarande beredskapslagre i Norge.

Bygget på Eldøyane inneheld nær 100 kilometer med sjøkablar, like langt som frå Bergen til Voss. Kablane skal til ein kvar tid vere klare til å takast i bruk i heile Norge dersom ein kabel skulle bli øydelagt.

Beredskapslager for store trafoar

Allereie no er selskapet REN AS klare til å utvide beredskapslageret. Dei har inngått ein opsjonsavtale med Eldøyane Industriområde og Stord Hamnestell om å utvide lageret til å også innehalde trafoberedskap for kraftbransjen, i tillegg til «GIS-beredskap».

Hamnesjef Inge Espenes. Foto: Stord kommune

Området som selskapet vil kjøpe av Stord kommune er på inntil 3800 kvadratmeter. I følgje opsjonsavtala vil prisen for eigedomen vere på 1300 kroner per kvadratmeter. Det vil seie at Stord kommune vil få opp til 4,9 millionar kroner for eigedomen.

- Annonse -
- Annonse -

– Me fekk eit brev frå dei, og me skal ta eit møte med dei i neste månad. Dei ønskjer å bygge beredskapslager mellom anna for store trafoar. Dei har vel ikkje godkjent i styret at dei går for Stord, men dei vil sikre seg opsjonen slik at dei har moglegheita, seier hamnesjef Inge Espenes.

Går ikkje i pluss

Tomta det er snakk om er ei tomt som Stord kommune kjøpte av Jan Kåre Pedersen i Sunnhordland Naturgass for berre litt over eitt år sidan. Kjøpssummen var då 5,7 millionar kroner.

- Annonse -

Enkelte politikarar meinte at prisen var for høg, mellom anna Fredrik Litleskare (H) og Sigbjørn Framnes (Frp).

Jakob Bjelland (Sp) meinte på si side at dette var eit riktig kjøp av kommunen.

– Dette er ein av dei mest attraktive næringsareala langs vestlandskysten. Det er dette saka handlar om. Ved dei rette føresetnadane vil dette arealet gå i overskot innan få år, sa Bjelland.

I følgje opsjonsavtalen med REN AS viser likevel at kommmunen ikkje kjem til å gå noko i overskot av eigedomskjøpet.

– Me kjøpte for same summen. Så me sel iallfall ikkje billegare. Me hadde eigentleg planar om lagringsplass, men tidene forandrar seg, seier Espenes.

I dag står det ein tank frå Sunnhordland Naturgass på eigedommen. Men denne skal etter det Stord24 får opplyst flyttast til biogassanlegget når det står klart.

- Annonse -