Tom Erling Kårbø er klart for startstreken under friidretts-VM i dag. Foto: NRK
- Annonse -

Det skal mykje til at 30-åringen frå Stord klarar å kvalifisere seg til finalen, men sjølv trekkjer han fram nettopp underdog-posisjonen som ein fordel.

Tysdag ettermiddag klokka 17.15 bør ein slå på TV’en. Då byrjar kvalifiseringsheatet til 3000 meter hinder i friidretts-VM i Quatar.

På startlinja står Tom Erling Kårbø (30) frå Stord IL, som har klart å kvalifisere seg til VM for første gong.

– Det kjenst veldig bra. Eg var veldig nærme forrige gong, så eg har sett fram til å vere med i VM. Det har vore eit sttort mål dei siste åra, og det er veldig kjekt å klare det, seier Kårbø til Dagbladet i Doha.

30-åringen frå Stord IL meiner det er ein fordel for han at han ikkje er rekna som ein favoritt.

– Eg tenkjer at eg er litt underdog. Eg har ikkje noko press, eg må ikkje til finale, det presset er det andre som har. Eg kan berre senke skuldrene, kline til og ta sjansen og prøve.

- Annonse -

Kårbø seier til avisa at han ser det som noko urealistisk at han skal klare å kome til finalen, men at han vil gjere sitt aller beste for å gi det ein sjanse.

– Eg trur eg bør han ein sjanse på å kome meg til ein finale. Om det blir i år får me sjå, men eg håper eg kan vere med i kampen i fleire år framover.

- Annonse -