Her vart plattformdekket kome ut av Stord-hallen i november i fjor. Foto: Elisabeth Sætrevik/Kværner
- Annonse -

Den spektakulære operasjonen for å rulle ut det 13.000 tonn tunge plattformdekket ut av Stord-hallen er venta å ta heile dagen.

Plattformdekket som skal bli til utstyrs- og bustadplattforma Johan Sverdrup har no vekse seg ut frå verkstadhallen på Kværner Stord, og skal i dag flyttast ut på lekter.

– No har me allereie begynt. Dei er nettopp starta å rulle ut av hallen, så går det litt tid før dei er klare til å køyre om bord på lekteren. Då startar det møysommelege arbeidet med å ta den sakte men sikkert ut på lekteren, seier kommunikasjonsrådgivar i Kværner, Elisabeth Sætrevik.

Veldig spennande

For å rulle ut dekket, som veger i underkant av 13.000 tonn, vil det bli nytta 1728 hjul. Det er ikkje kvar dag ein så stor operasjon blir utført på verftet.

– Det er ikkje ofte så tunge ting blir flytta på, så dette er jo noko som me synest er veldig spennande. Dekket skal bli rulla ut på 1728 hjul av éin mann med ein joystick.

- Annonse -

Når plattformdekket blir transportert ut på lekteren som vil ligge i dokken på verftet, er det klart for neste fase i arbeidet med ferdigstillinga av plattforma.

– Ruvande

– No har dekket vekse ut av Stord-hallen, så no må han ut i friluft for å bli endå større.  No når den er kome ut på lekteren skal den jekkast 13 meter opp i vêret, så den vil bli ruvande i dokken, seier Sætrevik.

I løpet av dei neste månadane vil plattformdekket få montert på nye store seksjonar. På slutten av året kjem det ein bustadsseksjon frå Apply i Aslaksvikjo og på nyåret ein seksjon frå Emtunga i Sverige.

Johan Sverdrup-plattforma er venta å bli ferdigstilt i første kvartal i 2019. Plattforma vil bli det største bustadkvarteret på norsk sokkel, og vil ha kapasitet til å innkvartere 560 personar.

Slik vil Johan Sverdrup-plattforma bli når den er ferdigstilt i 2019.

 

- Annonse -