Lene Kvinnesland frå Stord er uroa over klimaet. Foto: Pixabay/privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Min framtid er avhengig av å ta klima på alvor. Denne jula krev eg at politikarane tek ansvar

Av: Lene Kvinnesland, 
frivillig i KFUK/KFUM Stord

Medan fyste snøen fell i Noreg og juletrelysa tennast, møtast verdensleiarar i Polen for å bestemme korleis vi skal nå måla i Parisavtalen.

Dette kan verke fjernt, men det som blir bestemt her nede handlar om din, min og vår framtid.

Jula er ei tid for å bry seg og løfte blikket. Det handlar om å bry seg om familien som er nær, eller å vise at ein sett pris på menneska rundt seg. Samtidig handlar jula om å løfte blikket for alle menneske.

I år ønsker eg meg at vi også løfter blikket for klimaendringar. I framtida kan generasjonar og millionar av menneske på jorda vår råkast av klimaendringar. Eg ønskjer også at vi støttar politikarar som tek klima på alvor for å sikre at julefreden kan senkast år etter år.

- Annonse -
- Annonse -

Klima kjennast ofte fjernt, håplaust og vanskeleg. Det er utfordrande å lyfte blikket i ein kvardag som ellers krevjar mykje av kvar enkelt. Samtidig er dette ein av vår tids største utfordringar.

Vi veit at klimaendringar kan tvinge millionar vekk frå sine heimar. Vi veit at det krevjar ein enorm innsats å stake ut ein ny kurs. Vi veit heldigvis også at det framleis er mogeleg å avverge store katastrofer. Dette seier 1,5-gradersrapporten frå FNs klimapanel tydeleg ifrå om. Det er på tide å stole på kunnskapen frå 97 prosent av verdas forskarfellesskap.

- Annonse -

I år vil eg gje klimafokus i gåve. Eg vil strekke meg for å gjere jula litt meir klimavenleg. Blant anna kan eg gje bort brukte gåver, opplevingar og tenester i julegåver. For å komme meg heim til jul kan eg ta velje å ta buss. I tillegg kan eg få med min familie på ein vegetarmiddag mellom ribba og pinnekjøttet.

Nokre av desse alternativa er enkle å få til, andre er utfordrande. Det tek gjerne litt ekstra tid å reise heim med buss. Om ein skal langt velger ein ofte fly framfor buss for eksempel, av og til er det vanskeleg å velge klimavenleg. Sjølv om eg ynskjer å strekke meg for klima, føles det ofte vanskeleg å gjere noko aleine i eit system som favoriserer fortida. Politikarar må difor ta over der mi forbrukarmakt ikkje strekk til.

Til jul ynskjer eg meg at politikarane tek ansvar for mi framtid, også i statsbudsjettet. Vi treng realistisk klimapolitikk for å nå 1,5-gradersmålet. I tillegg til at vi må kutte 53 prosent av vårt klimagassutslepp innanfor eigne landegrenser, må vi bidra økonomisk for å møte vårt historiske ansvar.

Rapporten, Norway’s Fair Share, er skrive på oppdrag frå Regnskogfondet, Kirkens Nødhjelp, Naturvernforbundet og Forum for utvikling og miljø for å avgjere Noreg sitt rettferdige bidrag. Konklusjonen er at Noreg må løyve 50 milliardar kroner til utsleppskutt i resten av verda. For å møte vårt historiske ansvar, skal vi i tillegg gi 15 milliardar til andre land, for at dei kan tilpasse seg klimaendringar.

No er det opp til regjeringa, med Erna i spissen, å handle.

Denne jula ynskjer eg ikkje fleire lovnadar om gåver til klima, eg treng ei ansvarspåskriving!

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -