Leirvik skule har starta med eigne foreldremøte for framandspråklege. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Stord kommune går glipp av rundt 2,5 millionar i integreringstilskot etter at talet på flyktningar vert redusert til ein fjerdedel til neste år.

I budsjettframlegget rekna rådmannen med at 30 flyktningar ville busetje seg i Stord kommune i 2018. Det var allereie ei halvering i høve dei 60 flyktningane Stord tek i mot i år.

Men grunna den drastiske nedgangen av flyktningar i Norge, har Stord kommune no fått beskjed frå IMDi at det berre skal overførast 15 flyktningar til Stord i 2018, altså ein fjerdedel av talet frå i år.

– Det er ganske stor usikkerheit knytt til om me faktisk får dei 15 flyktningane slik situasjonen er i dag, seier kommunalsjef Knut Gram.

Inntektstap

Konsekvensen av at det kjem færre flyktningar vil vere kraftig kutt i integreringstilskotet som kjem frå IMDi.

- Annonse -

– Me hadde allereie lagt opp til ei halvering av talet på flyktningar i budsjettet. Men så kom brevet frå IMDi i førgårs der dei ber oss om å ta i mot 15. Det medfører at inntektsgrunnlaget vårt sviktar, og det er snakk om ganske mykje pengar.

– Dersom me går ut i frå at det kjem halvparten einslege og halvparten familiar, så vil det medføre eit inntektstap på 2,5 millionar kroner, seier Gram.

Inntening i 2019

I budsjettframlegget til rådmannen er det allereie lagt opp til å redusere med to stillingar i vaksenopplæringa som eit resultat av nedgangen i flyktningar. Gram meiner at ein i 2019 må vurdere ein ytterlegare reduksjon av stillingar knytt til flyktningar, dersom talet held seg like lågt framover.

– Når me kjem til 2019 må me nødvendigvis sjå på kostnadane knytt til drifta av flyktningkontoret. Då kan det gi oss ei innsparing. Men det vil føre til store kostnadar for kommunen i 2018.

- Annonse -