Foto: Peter Tubaas
- Annonse -

Bandet frå Kristiandsand vann den gjeve Vestlandssatsinga, som sikrar bandet viktig drahjelp for å etablere seg.

– Ta godt i mot I am K, dei kjem nemleg for å bli! skriv 100 Dagar-sjef Jostein Sydnes i ei pressemelding.

Kristiansandbandet har fått strålande tilbakemelding frå bransjen etter at bandet sto på scena på Arena under 100 Dagar-festivalen i helga.

– I am K representerer ei moderne og smart tilnærming til musikkfaget. Melodisk pop, sylskarp elektronika og treffsikker rock sys elegant saman. Ryddig kompleksitet, kvalitet i alle ledd og ingen sjangebegrensingar, melder Sydnes.

Det ferske bandet er aktuell i vår med debutplata ”Humans”.

– Lyskannonene er verkeleg retta mot I am K dette året! Dette er no, og dette er framtida. I am K kjem til å klatra seg kjapt opp blant landets mest interessante band.

- Annonse -

– Betyr ekstremt mykje

Frontfirug i bandet, Oda Ulvøy, er svært nøgd med at dei blei plukka ut blant dei 20 banda som spelte på Stord.

– Dette hadde me absolutt ikkje forventa. No som me har fått det betyr det ekstremt mykje. Det er jo heilt sykt. Dette gir oss rundt elleve

Foto: Peter Tubaas

spelejobbar berre i sommar. Så det er jo heilt vilt. For min del legg eg aldri ferieplanar i tilfelle me skal få feriejobbar, så me er klare!

Ulvøy er svært nøgd med gjennomføringa av årets musikkfestival på Stord.

– Det har vore heilt supert. Alt var veldig profesjonelt frå me kom dit til me reiste. Og ikkje minst eit utruleg bra publikum. Eg syntes det var kjempegøy.

– Blir det noko feiring av prisen?

– Me skal spele på Trondheim Calling i helga, så då trur eg nok sjansane er store for at det blir ein fest.

Viktig erfaring

Det er samspelet mellom festivalane på bransjetreffet 100 Dagar som har ført til «Vestlandssatsinga», der fleire festivalar går saman om å løfte fram det bandet som utmerkar seg mest på 100 Dagar.

– Her samlast ein haug seriøse arrangørar seg rundt eit band ein ønsker å gi eit  karriereløft. Desse festivalane tilbyr totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, honorar, og eit trailerlass merksemd. Og ikkje minst; dei får vist seg for eit svært og breitt publikum sommaren igjennom.

Tidlegare har Vestlandssatsinga blitt tildelt band som Yuma Sun (2013), Tiebreaker (2014), Silja Sol (2015), Hear Me Roar (2016) og Saissy Kraimspri (2017). ”Vestlandssatsinga” medfører at eitt band/artist får tilbod om 6-10 honorerte festivaljobbar det same året.