EKTE GATEMIKS: Millie (f.v.) er ein ekte gatemiks med pelsen til ein Terrier, forma til ein Dachs og øyro til ein spesiell spansk hunderase. Her saman med eigaren sin og "bestevenninna" Mia, som er adoptert frå Budapest. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg
- Annonse -

– Det var liksom kjærleik ved første blikk, fortel Rebecca Cathrine Myhre Eikeland (32) frå Stord, som henta hunden frå Spania.

– Eg visste ho var ein veldig roleg hund som bjeffa lite. Alle skrøyt sånn av at eg hadde ein så snill hund. Men eg skjøna ganske raskt at ho eigentleg berre var heilt apatisk.

Dette fortel Rebecca Cathrine Myhre Eikeland (32) om hunden sin «Millie». Ho kom til Noreg i desember i fjor, ved hjelp av den frivillige organisasjonen Norwegian Dog Rescue Spain (NDRS).

Millie er opphaveleg fødd og oppvaksen i ein bakgard i Spania. Då ho kom i løpetid siste gang, blei ho gravid. Dette blei for mykje stress for den dåverande familien. Dagen etter fødselen leverte dei både ho og kvalpane på ein kennel.

Planen var at Millie skulle avlivast.

Kjærleik ved første blikk

– Her i Noreg har me tradisjonelt sett ein grunn til at hundar blir omplassert. Anten fordi det oppstår endringar i familien som gjer det naudsynt, eller på grunn av oppførselen til hunden. Der nede er det litt meir slik at «Nei, no er me lei, no vil me ikkje ha deg meir», seier Eikeland.

- Annonse -

Eikeland hadde i utgangspunktet ingen planar om å adoptere ein hund frå utlandet. Så kom ho over TV-serien «Alt for dyra» på NRK, der blant anna Siv Beate Reitan og Mariann Svitsem Høili diskuterte sine bidrag for å redde gatehundar i Spania.

Dette førte til at Eikeland søkte seg fram til fleire ulike organisasjonar med same formål. Og det tok ikkje lang tid før ho fann den perfekte hunden.

– Det var liksom kjærleik ved første blikk. Dei (NDRS, red.mrk.) hadde jo mange hundar som ville bli adopterte. Men då det dukka opp eit bilete av Millie, tenkte eg berre, ho eg få hit.

Har livna mykje til

Men det var ikkje sikkert at «Millie» ville klare å overleve turen til Noreg.

– Det er litt forskjellig kva som skjer med dei hundane som ikkje blir adoptert. Millie var heldig, for det bur ei dansk dame der nede som ofte besøker desse kennelane. Då fann ho Millie der. Ho var veldig redd, og dama tenkte at ho ikkje kom til å overleve det stresset som hundar blir utsett for i ein kennel. Så då tok ho med seg Millie heim.

– Men for mange andre hundar er skjebnen dessverre ikkje så bra, legg ho til.

I dag har Millie fått ein mykje tryggare base enn tidlegare, og er ikkje lenger den forsiktige hunden som dreiv å luska rundt.

– No har ho livna til og fått meir personlegheit. Eg har ho med overalt, og til og med folk som ikkje likar hundar har ingen problem med å ha ho på besøk, seier Eikeland.

Men med nye reglar frå Mattilsynet vil det no bli vanskelegare å importere hundar som Millie til Noreg.

Bekymra for smittefare

Frå og med 1. juli i år blei det bestemt at gatehundar ikkje lenger er rekna som handelsdyr, og i praksis tyder dette at det ikkje vil vere mogleg å hente inn gatehundar.

Reglane er også gjeldande for kattar med tilsvarande bakgrunn som gatehundar. Dei nye reglane vil likevel ikkje ha betydning for feriereiser med kjæledyr, kjøp av avls- og brukshundar i EU, og tidlegare importerte gatehundar som er importert lovleg.

– Me forstår svært godt at mange ønskjer å hjelpe desse hundane, men risikoen er altfor stor. Potensielt dødelege sjukdomar som rabies og revens dvergbendelorm kan følgje med på reisa sjølv om hunden er vaksinert og har alle papir i orden, sa Karen Johanne Baalsrud, direktør for plantar og dyr i Mattilsynet, i ei pressemelding for litt over tre veker sidan.

– Synest det er forferdeleg trist

Ifølgje tal frå Veterinærforeininga blei det innført i underkant av 400 tidlegare laushundar på kommersiell basis, dvs. hundar som blir seld i Noreg, flesteparten frå Spania.

Eikeland på si side er ikkje einig med det nye forbodet.

– Dei påstår at forbodet er på grunn av sjukdom og smittefare, men dette meiner eg dei ikkje har grunnlag for å seie. Gatehundar blir betre sjekka og får meir omfattande vaksinering enn det avlshundar gjer. Avlshundar må som regel berre gjennom ei rabiesvaksine og ein ormekur. Millie blei testa for alle kjende sjukdomar, og alle prøvar måtte vere negative.

– Eg synest det er forferdeleg trist, då mange hundar får eit heilt anna liv her enn dei har føresetnad for der nede.

- Annonse -