Kringla Konditori fekk i fjor nytt liv under namnet Kringlo. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Brørne Jens, Steinar og Håvard Hystad har starta selskapet Kringlo AS som har kafédrift som føremål.

Hystad-brørne er frå før eigarar av bygget der kaféen held til, som også husar mediehuset Sunnhordland.

Etter at Leirvik Dampbakeri-konkursen forsvant også Kringla konditori. No kan det altså bli ny drift i lokala, i regi av Hystad-brødrene. Nyleg har dei starta selskapet Kringlo AS, der føremålet står som drift av kafé.

Styreleiar Jens Hystad i nystarta Kringlo AS er også ein av hovudaksjonærane i Bladet Sunnhordland AS. Han var ikkje tilgjengeleg for ein kommentar onsdag.

Uaktuelt for Haugli Bakeri

Dagleg leiar i Haugli Bakeri i Haugesund, Stein Olsen, stadfestar at dei ikkje kjem til å starte bakeri i lokala til Kringlo.

– Nei, det er ikkje aktuelt for oss å overta dei eksisterande lokala. For oss må det vere lettare for kundane å plukke opp varene med bil.

- Annonse -

Olsen opplyser likevel at dei snart er klare til å gå ut med planane om kor på Stord dei ønskjer å etablere seg.

– Me er i forhandlingar om nye lokale. Det er ikkje så lenge til me tek ei avgjersle no. Kanskje allereie i slutten av denne veka.

Kan levere bakst til «Kringlo»

Sjølv om ei etablering i Borggata er uaktuelt for Haugli Bakeri, har dei opna for å levere bakst til dei nye drivarane.

– Viss nokon andre har lyst å starte opp i dei eksisterande lokala så er me meir enn villige til å levere varar og ha ein god dialog med dei.

– Har Hystad-familien vore i kontakt med dykk om dette?

– Du får høyre med dei. Men me har jo snakka med dei om desse lokala tidlegare.

- Annonse -