Luksusyatchen som no har namnet Hydrogen Viking står no til kai i Bergen. Vegard Frihammer frå Stord (innfelt) er sentral i å gjere den hydrogendriven. Foto: Greenstat
- Annonse -

Verdas første hydrogendrivne yacht skulle bli sjøsett i år. Men prosjektet blir utsett grunna manglande finansiering.

Den 92 fot store superyachten til Libya sin tidlegare statsleiar Muammar Gaddafi skal få nytt liv som miljøfyrtårn. Yachten skal bli forandra til verdas første båt i denne størrelsen som går på hydrogen.

Sentral i prosjektet er hydrogenselskapet Greenstat med Vegard Frihammar frå Stord i spissen.

Båten skulle eigentleg vere sjøklar i 2019, men grunna manglande finansiering let prosjektet vente på seg, skriv Skipsrevyen.

Frihammar seier til nettstaden at prosjektet kostar 40 millionar kroner, der opp mot halvparten skal bli finansiert av det offentlege.

– Det ser ikkje ut til at «Hydrogen Viking» blir sjøklar i 2019 likevel. Me har hatt god dialog med Innovasjon Norge, men ser det blir vanskeleg å få inn heile prosjektet i miljøteknologiordninga, og me må difor sjå på ein annan modell for å finne finansiering frå det offentlege, seier Frihammer.

- Annonse -

Men meiner løysinga kan ligge på heimstaden Stord, nærare bestemt det nye katapultsenteret på Heiane.

– Med opprettinga av dei nye katapultsentra som blei lansert i 2018, og då spesielt senteret for Sustainable Energy som held til på Stord, og som skal investere i infrastrukturprosjekt knytt til ny energi, seier han til nettstaden.

Då Stord24 intervjua Frihammer om prosjektet i 2017, sa Frihammer at målet er å utvikle teknologien som skal endre båtindustrien på same måte som Tesla har endra bilindustrien.

– Ja, det er for så vidt havets Tesla me utviklar. På sjøen har me jo ikkje same høve til å få båtar på batteri over lange distansar. Det lar seg berre ikkje gjere. Men me meiner at hydrogen kan vere like disruptivt for maritim næring som Tesla har vore for bilbransjen, sa stordabuen.
- Annonse -