Eigarane bak Ritland-tomta fryktar for konsekvensane av det nye vedtaket til fylkesmannen. Foto: Malin Langøy Aarbø/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fylkesmannen avviser klagene på den planlagte Miljøgata, og meiner kommunen har gjort rett i sine vurderingar.

To år har gått sidan kommunestyret vedtok å gå vidare med miljøgateplanane i Leirvik sentrum. Vedtaket førte til store protestar blant næringsdrivande langs Sæ-vegen, som hevda at planen ville føre til tap av arbeidsplassar og svekka tryggleik for bebuarane i Leirvik.

I alt kom det inn fem klager. Desse blei handsama av forvaltningsstyret i år, som bestemte seg for å sende saka vidare til Fylkesmannen.

No er den endelege dommen klar: Fylkesmannen meiner kommunen gjorde rett i å avvise klagene, og godkjenner dermed reguleringsplanen for miljøgata.

– Tilstrekkeleg utgreid

Dette betyr i praksis at arbeidet med å få på plass ein sykkelveg frå Vabakkjen til Ådland, samt bygging av eit nytt kollektivknutepunkt i Leirvik og miljøgate gjennom sentrum, vil halde fram.

– Fylkesmannen finn at dei faglege vurderingane som er gjort er tilstrekkeleg utgreid. Me sluttar oss difor til vurderingane som Stord kommune har gjort i saka, heiter det i vedtaket.

- Annonse -
- Annonse -

Stord24 har tidlegare skrive om huseigar Øystein Tufteland og leigetakar Stord Begravelsesbyrå i Sæ 20, som klaga planen om Miljøgate inn til fylkesmannen.

I den tidlegare høyringsrunden peika dei på fleire punkt som dei er i mot når det gjeld reguleringsplanen, mellom anna bortfall av parkeringsplassar og innkøyringar.

Tufteland varsla då at han ville krevje erstatning frå kommunen, dersom planen førte til at leigetakar ville flytte ut.

Risikerer tvangssal

Forutan huseigaren i Sæ har også fire andre sendt inn klage til fylkesmannen: Nils Ritland – deleigar av Ritlandeigedomen, Rolf Grimstvedt, Auto Industri AS og Stord begravelsesbyrå.

Førstnemnde risikerer no å måtte tvangsinnløyse eigedomen sin, dersom kommunen går inn for å plassere dei planlagte busshaldeplassane i Bandadalsplassen.

- Annonse -

– Den plasseringa som no er vedtatt er uheldig for miljøet og for mjuke trafikantar. Eg håpar at kommunepolitikarane kan snu i denne saka, seier Ritland til Stord24.

Han peikar på at det nye vedtaket vil kunne føre til fleire år med usikkerheit for eigarane, og at dei då vil miste full råderett over eigedomen.

– Kva betyr dette for din del? Betyr det då at tomta må løysast inn?

– Ja, men dette kan ta mange år, slår Ritland fast.

– Lite framtidsretta

Fylkesmannen viser blant anna til at kommunen har lagt til rette for medverking i prosessen, at alle har fått kome med merknadar, og at eventuelle merknadar også er blitt vurdert.

Vidare kan ikkje fylkesmannen sjå at kommunen har handsama saka feil, og meiner vurderingane som er gjort ligg innanfor handlingsrommet som kommunen har som planmynde.

Entreprenør Rolf Grimstvedt er blant dei som har klaga til fylkesmannen. Han har lenge hatt ein privatrettsleg avtale med Ritland-familien om å vidareutvikle tomta, og stiller seg uforståande til fylkesmannen si avgjersle.

– Vedtaket som er gjort er ikkje framtidsretta, skriv han i ein e-post til Stord24.

– Det er i vedtaket ikkje lagt inn vurdering av trafikken for framtida og auka fokus på redusert avgassutslepp. Det er heller ikkje tatt høgde for at neste generasjon, inkludert bebuarane i Lønningsåsen, skal kunne krysse Leirvik si travlaste gate trygt og farefritt. Vedtaket er i beste fall korttenkt planlegging utan konkrete fakta, opplyser han.

- Annonse -