Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Alle naudetatane har rykka ut etter melding om husbrann i Sponavikdalen utanfor Leirvik sentrum.

Tysdag ettermiddag fekk naudetatane melding om brann i ein einebustad i Sponavikdalen, med spreiing til taket.

Det skal ikkje ha vore folk till stades i huset då det byrja å brenne.

– Det er røyk, og det brenn i kledningen på bygget, melder politiet på Twitter.

Det skal ikkje vere fare for spreiing.

To personer er tilsett av helsepersonell, tilsynelatande uskada.

- Annonse -
- Annonse -

– Då me kom fram var eigentleg brannen avgrensa til ytterkledninga. Då me fekk sagd vekk og fjerna kledningen fekk me avgrensa brannen til akkurat det området. Så dei har vore heldige, seier Jan Tore Brückner i Stord brann og redning.

- Annonse -

– Kor starta brannen?

– Den starta ved ytterdøra. Det er for tidleg å seie kva som starta brannen. Det må politiet uttale seg om.

Politiet opplyser at dei vil gjere avhøyr av ein mann som bur i einebustaden.

Då Stord24 kom til staden var det eit stort oppbod av brannfolk, polititenestemenn og ambulanse. Det var framleis røykutvikling i 13-tida.

Alle naudetatane rykka ut til staden. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -