Eit slikt modulbygg er det Hurtigruta Carglass vurderer å etablere utanfor Heiane Storsenter.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Stord er ein veldig spennande plass. Me har lenge tenkt på å etablere oss her, seier Haugesund-sjef i Hurtigruta Carglass, Geir Frode Hauge.

Kjeda som driv med skifte og reperasjon av bilglas, kan vere på veg til Heiane. Nærare bestemt parkeringsplassen der det inntil nyleg har vore sal av thaimat.

– Me vurderer å setje opp ein portabel avdeling i ein oppstartsfase, for å prøve å sjå an korleis marknaden er, seier Hauge.

Avdelingsleiar i Hurtigruta Carglass i Haugesund, Geir Frode Hauge. Foto: privat

Den mobile avdelinga er ein ny satsing frå Hurtigruta Carglass, som dei har starta fleire av i mindre byar som Stord. I modulbygget er det plass til to bilar inne, med kundemottak og lager.

– Det gjer at me ikkje treng å inngå nokre store, langsiktige leigeavtalar. Dette er ein spennande plass å vere, og me har allereie eit kjempegodt samarbeid med Heiane Bil.

- Annonse -

Han fortel at planen er at det i starten skal vere ein fast tilsett på avdelinga, i tillegg til andre som kjem frå Haugesund.

- Annonse -
- Annonse -

– Me har lenge hatt lyst til å etablere oss på Stod. Det er mykje spennande som skjer der for tida, og Stord har jo eit stort omegn.

Hauge understreker at dei ikkje har skrive noko kontrakt med Heiane Storsenter enno. Første steget no er å få avklart om Stord kommune seier ja til oppføring av modulbygget.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -