Foto: Jan Morten Nesse/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Like før skumringa kraup innover Leirvik sentrum laurdag ettermiddag tende små og store faklane sine for å gå i tog frå Kulturhuset til Torget for opninga av julegata 2018.

Av: Jan Morten Nesse, Stord24

Mange hadde funne vegen til sentrum i dag ettersom véret var mildt og venleg og regnet haldt seg borte i år.

Dette er sjette året på rad at Leirvik Sentrumsforening og AMFI Stord saman med Sunnhordland Museum, Frelsesarmeen og Storommune skipar til fakkeltog for å tenne julegata i sentrum.

Ordførar Gaute Straume Epland oppfordra i tala si til at me alle viser kvarandre omtanke og nestekjærleik for å skapa ei inkluderande førjulstid. Det ser no ut til at me som lokalsamfunn kan sjå ei positiv utvikling i lokalhandelen og ordføraren oppmoda alle oppmøtte om å ta julehandelen sin på Stord.

Foto: Jan Morten Nesse/Stord24

Tradisjonen tru talde han ned til tenninga av julelysa på teletårnet og born og vaksne jubla og applauderte då julegata offisielt vart opna og julelysa skein over Torget.

- Annonse -
Foto: Jan Morten Nesse/Stord24
- Annonse -
- Annonse -

Johanne Øvstebø Tvedten las juleforteljinga «Tre trylleord» av Jo Tenfjord om vesle Petrine og veslebroren Benjamin som ventar på at faren skal kome heim til jul.

Ei gripande historie frå eit fiskevær i Troms om å vera redd. Born og vaksne fekk høyre at alt vanlegvis endar godt til slutt. Nordnorsk 70-talsrealisme for dei vaksne og julemagi for borna. Bodskapen me fekk med oss er at me av og til må tørre, våge og ofre noko for å hjelpe andre. «Navigare necesse est».

Frelsesarmeen avrunda julegateopninga med eit musikalsk innslag før born og vaksne håpefulle sette kurs mot AMFI-senteret der det kunne hende ein liten godtepose venta på dei.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -