DEBATT: Sjøen ligg klar til bruk, den har god plass og moderne båtar forureinar mindre enn eit enormt bruprosjekt.
Knut Henning Ådnanes, førstekandidat i Bømlo MDG
John Tonnessen, førstekandidat i Stord MDG
Daglig leiar i Hordfast AS Øyvind Halleraker skriv ofte om Hordfast. Sist midt i januar. Han refererer til sentrale folk i næringslivet og i Vegvesenet, at Hordfast er ein game-changer for Vestlandet.
Forutsetninga for Hordfast sin samfunnsnytte er ei tredobling av trafikken på veg. Ønsker me det?
Me byggjer grøn industri, sikrer gode arbeidsplassar, tek vare på naturen og kutter i klimautslepp utan ein 5 km lang flytebru over Bjørnafjorden. Industrien i Sunnhordland erallereie godt posisjonert for dei grøne moglegheitene som kjem.
I staden for 20 milliarder (siste tal frå Vegvesenet er 17 mrd.) på flytebru over Bjørnefjorden kan ein setja av 1 prosent av dette (200 Mill.) til å stø lokale Sunnhordlandsverksemder til å vidareutvikla ny teknologi for samferdsle på sjøen. Me har verdsleiande leverandørar av hurtigbåt, ferjer og framdrifts- og propellteknologi i vår region. Verksemder i Sunnhordland er langt framme med å utvikla hybrid-teknologi som er første steg på veg mot utsleppsfri skipsfart.
MDG meiner at ferjefri kryssing av Bjørnefjorden er eit uansvarleg prosjekt som øydelegg verdifull natur. FNs naturtoppmøte COP15 i Montreal vedtok i desember 2022 vern av landområder. No er det på tide å gå frå ord til handling, også når det kjem til naturvern.
Om me skal nå klimamåla våre må me redusere forbruk av varer, fossil energi og natur. Me må også finna meir klima- og miljøvennlige måtar å driva transport og handel. For vår landsdel er det åpenbart at dette må bli m.a. ved hjelp av sjøen. Alle dei 6-8 siste regjeringane har hatt som mål å flytte frakt frå veg til sjø, men dei har ikkje klart å finna gode løysingar og politikk for dette. Det blir fortsatt pressa fram store, natur-øydeleggjande vegprosjekt.
MDG meiner at me må redusera naturinngrep og klimautslepp. Målsettinga med Hordfast er at Stavanger-Bergen skal bli ein arbeidsmarknad, med andre ord skal mange fleire pendle langt til jobb. At fleire skal bruke mykje tid i ein bil til arbeidet, på ein overprisa veg, er ikkje «gamechangeren» me treng på Vestlandet.
Me må satse på arbeidsplassar, velferd og kultur i nærleiken av kor folk bur. Og når me skal frakte varer eller dra på reis, bør me så ofte me kan bruka sjøen. Sjøen ligg klar til bruk, den har god plass og moderne båtar forureinar mindre enn eit
enormt bruprosjekt.