Statens vegvesen er klare for å starte på anleggsarbeidet knytt til Hordfast i 2025. Slik kan brua over Bjørnafjorden bli sjåande ut. Illustrasjon: AMCDissing og Weitling
- Annonse -

DEBATT: Kor lenge vil denne ekstremt ineffektive transporten av køyretøy og folk halda fram?

Av: Håkon Røstbø

Fram og tilbake, fram og tilbake, dag etter dag, året rundt, år etter år glir ferjene over Bjørnefjorden i sin endelause transport av bilar. I 16-17 knops fart eller ca. 30 km/t flyttar dei 5 ferjene seg med lasta si dei 2,3 mila mellom Sandvikvåg og Halhjem med ei overfartstid på 45 minuttar. Ca. 500.000 kWt i døgnet er energibruken med desse ferjene. Nok til å forsyna 9000 husstandar med straum. Ein energibruk som er 15-20 gonger høgare enn om bilane hadde køyrt same strekninga på veg. Ved framdrift med hydrogen og brenselcelle, aukar energibruken ytterlegare med 40%.

Spørsmålet er kor lenge denne ekstremt ineffektive transporten av køyretøy og folk vil halda fram. Eit stort fleirtal av dei spurte i ei meiningsmåling på Stord og Fitjar vil heller køyra over den planlagde 5km lange brua over Bjørnefjorden som vil avløysa både dei nemnde ferjene og ferja mellom Våge og Halhjem.

Håkon Røstbø. Foto: privat

Øyfolket veit så vel kva det har betydd for samfunnsutviklinga på Stord og Bømlo når Trekantsambandet avløyste ferjene mellom Siggjarvåg-Sagvåg og Skjersholmane-Valevåg. Samferdslerevolusjonen som gav dei fridomen med døgnope vegsamband og slutt på ferjekøar og stress med å nå ferja og ikkje minst all bortkasta ventetid og reisetid med saktegåande ferjer kan ikkje verdsetjast høgt nok.

Statens Vegvesen har rekna ut at Hordfast vil føra til ein reduksjon av klimagassutslepp på 1million tonn i eit 40 års perspektiv eller årleg over 100.000 tonn. Til det viser motstandarane av Hordfast til ein rapport der Hordfast i staden vil føra til auka utslepp dersom ein legg til grunn at ferjene er elektrifiserte. Hordfast vil dessutan føra til utslepp av klimagassar frå myrar på Reksteren og vil dessutan rasera kystlandskapet med brua over Bjørnefjorden, meiner motstandarane av Hordfast.

- Annonse -

Det kan godt henda det er mogleg å levera store nok batteri til å driva ei 7250 tonn tung ferje + ferjebilar 2,3 mil i 30 km/t. Ei bru vert bygt for å vara minst i 100 år. På den tida må ferjene og mangfaldige tonn med batteri skiftast ut minst fem gonger. Utsleppa frå myrar på Reksteren er eit eingongstilfelle. Korleis ser klimarekneskapet ut dersom ein samanliknar utsleppet frå myrar i samband med bygging av veg over Reksteren med utsleppa for å henta ut naudsynte mineral i Afrika eller Kina til alle tonna med batteri til ferjedrifta i eit hundreårsperspektiv?

Mindre enn 0,7% av det totale arealet på Reksteren vil gå med til vegen over øya. Det kan til tider høyrast ut som heile øya skal asfalterast. Ei kvar bygging av veg og særleg stamvegar medfører inngrep i naturen, men ein må ta med i rekneskapen at kvar kvadratmeter bru inneber fleire kvadratmeter mindre inngrep på land. Det kan hos deler av miljørørsla sjå ut til at terskelen for inngrep til og med i våtmarksområde er noko høgare dersom ein legg jarnbaneskinner enn om ein byggjer framtidsretta stamvegar der både bilar, bussar og etter kvart også tungtrafikk vert elektrifisert.

Jarnbanen som berre fraktar 5-6 % av person og godstrafikken her til lands og som folk i distrikta ikkje har tilgang til, er snart ikkje lengre meir miljøvenleg enn køyretøy med gummihjul på veg og det med ein overlegen fleksibilitet.

Straum er ein avgrensa ressurs. Derfor må den nyttast mest mogleg effektivt. Å elektrifisera ferjene på Bjørnefjorden er grunna den enorme energimengda som skal til for å flytta så mange tonn stål over ein av dei lengste ferjestrekningane i landet i 30km/t i realiteten eit ekstremt misbruk av straum. No vert det til og med teke til orde for 10 min avgangar, som vil sei at det må gå 10 ferjer i sambandet som kvar skal ha lading i kvar ende. Korleis kan dei som gjerne ser seg sjølv som dei ivrigaste miljøforkjemparane blant oss meina at ein slik ressursbruk er berekraftig?

Så er det dei som hevdar at brua over Bjørnefjorden vil rasera kystlandskapet. Har Stordabrua og Bømlobrua rasert kystlandskapet ved Digernessundet? Øresundbrua mellom Sverige og Danmark blir portrettert og fotografert av kunstnarar og framheva som eit storslått og vakkert menneskeskapt element over Øresundet som danskar og svenskar er stolte av.

Det vil også sunnhordlendingar og bergenserar bli av Hordfast og brua over Bjørnefjorden. Det gler me oss stort til å få oppleva forhåpentlegvis på slutten av dette tiåret.