Politikaren vert i desse dagar framstilt for Bergen tingrett. Foto: Bosc d'Anjou, Flickr CC BY 2.0
- Annonse -
- Annonse -

Lokalpolitikaren er tidlegare dømt for seksuallovbrot. No vert han framstilt for retten på ny, sikta for fleire overgrep mot barn.

Mannen i 40-åra vert i dag framstilt , som er kommunestyrepolitikar i ein kommune i Hordaland, og som sit i fylkesstyret for partiet han representerer, skriv BA.

Overgrepene han er sikta for skal ha funne stad på 90-talet, og det er snakk om fleire barn, der det yngste offeret skal ha vore i fireårs-alderen då overgrepa starta.

– Me vil etterforske breitt for å finne ut om det kan vere fleire fornærma, seier politiadvokat Kristine Knutsen-Berge til BA.

Siktelsen gjeld seksuell omgang med barn under ti år, samt oppbevaring av overgrepsmateriale. Mannen erkjenner ikkje straffskuld.

- Annonse -
- Annonse -