Kim Friele (84) i midten kjem til årets Storapride. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kvinna som kanskje er det største symbolet på den norske homokampen har sagt ja til å delta på årets utgåve av Storapride.

Kim Friele fotografert under årets Regnbogedagar i Bergen, framføre Storapride-fanen. Foto: Storapride

Planlegginga av årets utgåve av arrangementet Storapride, som vil gå av stabelen helga 9. til 11. august, er i full gang.

Etter stor sukses i debutåret i fjor, med tusenvis av menneske i sentrum, tek årets arrangement sikte på bli endå større.

– Me trur at det kjem til å bli endå større denne gongen! I år er det 50 år sidan det Stonewall-opprøret som starta priderørsla. Det er viktig å markera, seier leiar av Storapride, Anna Sofie Ekeland Valvatne.

Opprøret ho viser til skjedde i New York City i 1969, og blir av mange skildra som starten på den moderne homorørsla.

Anna Sofie Ekeland Valvatne er ein av arrangørane bak Storapride. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg/Vindblikk

Valvatne trur også at trekkplasteret som no har sagt ja til invitasjoen, Kim Friele, kjem til å dra mykje fplk. 84 år gamle Karen-Christine «Kim» Friele er ein forfattar og aktivist som gjennom mange tiår har arbeida for homofile sine rettar.

- Annonse -

– Det er utruleg stas at Kim tek turen til Stord for å feira pride med oss! Ho har vore, og er framleis, utruleg viktig for rørsla vår. Då ho kom ut av skapet på slutten av 50-talet var homofili ulovleg og vart sett på som ei psykiatrisk diagnose.

– Ho har verkeleg vore ein viktig del av at stoda er heilt annleis for oss som kjem ut av skapet no i nyare tid, seier Valvatne.

Ho fortel at programmet for årets festival snart vil bli offentleggjort.

- Annonse -