Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Foto: HVL
- Annonse -

Ei arbeidsgruppe ved Høgskulen på Vestlandet foreslår å opprette eit språkpolitisk utval skal overvake bruken av både nynorsk, bokmål og engelsk.

Det nye storinstitusjonen vil gjere det tydeleg at det er nynorsk som er det viktigaste målføre. Ei arbeidsgruppe ønskjer å handheve dette ved å opprette eit språkpolitisk utval som skal fungere som «språkpoliti» ved høgskulen.

– Eit språkpolitisk utval på leiarnivå og eit eventuelt språksenteret er «avgjerande viktig» for oppfølginga av dei språkpolitiske retningslinjene, seier arbeidsgruppa i framlegget sitt til språklege retningslinjer for høgskulen.

Tydeleg nynorskprofil

Høgskulen skriv vidare at institusjonen skal ha ein tydeleg nynorskprofil, dyrke klarspråk og «halde ved like og vidareutvikle eit nynorsk fagspråk innanfor dei profesjons- og arbeidslivsretta faga og utdanningane».

Samtidig blir ei viktig oppgåve for språkpolitiet å passe på at det ikkje blir for mykje engelsk.

- Annonse -

– «Bad english» er det nye verdsspråket. Det er nødvendig å kunne beherske sitt eige morsmål godt for å kunne bruke framandspråk på ein tilfredsstillande måte, seier leiaren for arbeidsgruppa, seniorrådgivar Georg Arnestad ved Høgskulen på Vestlandet, til høgskuleavisa Khrono.

Må svi på pungen

Arnestad seier til avisa at han avventar svar frå departementet om kva slags sanksjonar utvalet kan bruke for å slå ned på for dårleg nynorskbruk.

– Det er opp til departementet å avgjere sanksjonar, men store bøter hadde vore tingen. Det må svi på pungen å bryte mållova, seier Arnestad til Khrono.

- Annonse -