Liv Kari Eskeland er sikra plass på tinget på BT si ferske Hordaland-måling. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Med nær 30 prosent oppslutnad for Høgre i Hordaland er Liv Kari Eskeland sikra plass på Stortinget i BT si siste måling.

Mindre enn fire veker før valet ser situasjonen lys ut for Høgre, og spesielt i Hordaland. Respons Analyse har gjennomført ei fersk måling på vegner av Bergens Tidende, der 29,9 prosent av dei som er spurt i Hordaland svarar at dei vil røyste på Høgre.

Partiet går dermed fram 2,8 prosentpoeng frå tilsvarande måling i juli, og sikrar fem mandatar.

Dersom dette resultatet vert gjeldande ved valet vil Liv Kari Eskeland frå Stord vere sikra fast plass på Stortinget.

For regjeringspartnar Frp går det dårlegare i Hordaland. Partiet går tilbake 2,1 prosentpoeng frå førre måling og hamnar på 15,1 prosent oppslutnad.

- Annonse -

Arbeiderpartiet går framover på målinga med 1,2 prosentpoeng til 25,4 prosent, medan SV gjer ei dårleg måling med 4,3 prosent, som er tilbake 1,4 prosentpoeng. Raudt gjer derimot ei bra måling med 3,1 prosent oppslutning, som er ei dobling frå førre måling. Utanom dette er det mindre endringar i dei andre partia.

- Annonse -
- Annonse -

Målinga er basert på 602 telefonintervju gjort i perioden mellom 7. og 11 august.

- Annonse -