Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kommunestyret vedtok torsdag å gå vidare med rådmannen sine innsparingsplanar og eit halvt års utsetjing av Nysæter ungdomsskule.

Det var ein heftig debatt med mange kjensleladde innlegg då kommunestyret drøfta bygginga av ny Nysæter ungdomsskule torsdag.

Debatten konkluderte med at prosessen som rådmannen har starta, med å finne innsparingstiltak for å få ned prisen på skulen, held fram. Som kjent har prisen på skulen gått opp med 128 millionar kroner i høve det ein hadde sett for seg på førehand.

– Eg er sjølv lærar, og eg hugsar kor gale det var å jobbe i gamle Stord ungdomsskule. Det er viktig at me hugsar at her er ungdommar som ventar på at me skal bli ferdige å diskutere saka og faktisk startar med prosessen å bygge ny skule, sa Ap-representant Susan Hassan Abdallah.

Som tidlegare kjent ønskjer Stord FrP å kansellere avtala med arkitektkontoret og starte prosessen på nytt, samtidig som det vert ført opp midlertidige modulbygg allereie i vår, tilsvarande dei som var under bygging av ny Stord ungdomsskule.

Under debatten bestemte Stord Høgre seg å slutte seg til forslaget til Framstegspartiet, om å ta i bruk midlertidig modulbygg. Men rådmann Magnus Mjør fråråda ei slik løysing.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me har også vurdert dette som ei mellombels løysing, då me hadde erfaring med dette frå Stord ungdomsskule. Men det som har vege i mot er at du på eit lite areal får to aktørar, der ein driv modulbygg og den andre skal bygge skulen. Då kan det bli arealkonfliktar, sa Mjør.

Noko av det Høgre reagerte på er at det er lagt opp å bygge eit nytt 12,5 meters basseng på Nysæter.

– Det er heilt uaktuelt for Stord Høgre med eit lite basseng på Nysæter. Ved å bygge 25 meters basseng blir det høve til større driftsinntekter og utnytting av eit slikt basseng.

Høgre og Frp sine 11 representantar røysta for stanse prosessen og føre opp modulbygg, men fekk ikkje fleirtal. Dermed vil rådmannen halde fram drøftinga med prosjektgruppa for å finne kostnadsreduserande tiltak for skulen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -