Henrik Engevik Hatlevik.
- Annonse -

Debatt: Venstresida er så opptatt med omfordeling av goder og å kritisere skattekutt til dei rike, at dei gløymer at verdiane må skapast før dei kan fordelast. 

Av: Henrik Engevik Hatlevik, 25.-kandidat for Stord Høgre.

I Stord24 den 24. juli kjem 2. kandidaten til Stord SV med eit innlegg om at me treng ein ny, grøn næringspolitikk. Eg er mykje einig med kva ho vil fram til, essensen er god, men politikken og argumenta hu kjem med er ikkje haldbare. Vidare vil eg forklare kvifor Høgre er det opplagde partiet å stemme på dersom du ynskjer deg ein framtidsretta, grøn og sikker næringspolitikk i Stord kommune.

Kritikken mot Høgre

Kritikken Ekeland Valvatne rettar mot Høgre atterspeglar på ingen måte verkelegheita. Når det gjeld næringspolitikk er Høgre det partiet som ikkje sit stille i båten slik kandidaten frå SV meiner, men partiet som får skipet til å gå framover. Kvifor seier du?

  Verdiar må skapast før dei kan fordelast

- Annonse -
- Annonse -

Venstresida er så opptatt med omfordeling av goder og å kritisere skattekutt til dei rike at dei gløymer at verdiane må skapast før dei kan fordelast. I Høgre opplever me oss som det einaste partiet som tek dette på alvor. Grunnlaget i velferdsstaten Noreg er alle bedriftene våre som tilbyr tenester til innbyggjarane og som sørgjer for at staten mottar inntekter i form av skatt. Difor arbeider Høgre mellom anna for ei rekkje reformar som skal gjere det enklare for alt frå store konsern til små enkelmannsføretak å skape varer og tenester av kvalitet, som igjen genererer verdiar for både enkeltpersonar og samfunnet.

  Ny teknologi og digitalisering

Norske bedrifter skal bruke mindre tid og pengar på å fylle ut skjema og rapportere til det offentlege. Høgre vil gjennomføre forenklingar som samla sparer bedriftene for 10 milliardar kroner kvart år. Dette vil vere med på å gjere det enklare for bedriftene våre å drive effektivt, samt redusere bruken av ressursar på unødvendig byråkrati betrakteleg.

  Styrke små og mellomstore bedrifter

Det norske næringslivet kan ikkje vere forutan dei små og mellomstore bedriftene rundt i Noreg, i Sunnhordland og på Stord. Disse bedriftene må styrkjast og leggjast til rette for, slik at dei kan utviklast og skape enda større verdiar og gode tenester til innbyggjarane. Dessverre ser me gong på gong at dei sosialistiske partia sviktar innovatørane og gründerane som sit på stor kompetanse, pågangsmot og iver etter å skape noko. Dette kan eg enkelt underbyggje ved å peike på formueskatten som eit av svika mot norsk næringsliv.

  Formueskatten

Ser me på formueskatten oppdagar ein kjapt kva som skil Høgre og venstresida. Der SV ønsker å sitat; «Auke skatten på formue(…)», vil Høgre jobbe for å redusere og fase ut formueskatten på arbeidande kapital. Dette for å styrkje norsk eigarskap til norske arbeidsplassar.

Høgre ser nemleg at formueskatten tappar kapital frå norske arbeidsplassar og gjer det mindre lønsamt å spare og investere i verdiskapande aktivitet.

Klima- og miljøaspektet i det lokale næringslivet

- Annonse -

Det er ikkje til å stikke under ein stol at klima og miljø er ei av dei viktigaste utfordingane me står ovanfor i dag. Stord Høgre ser at å stimulere til grøn teknologi i det lokale næringslivet vil vere ein effektiv måte å bidra til lågare utslepp og for å nå klimamåla. Direkte klimatiltak som Høgre vil setje til verks i kommunen, og som igjen vil påverke næringslivet er mellom anna å:

  Stimulere til fossilfri drosjenæring

  Innføre «grøne hamner» med ladestruktur og returpunkt for kloakk og avfall

  Stille krav for ladetilgang for el-bil ved alle nye nærings- og handelsbygg

  Gå i dialog med næringslivet og invitere til klimadugnad

Satsing på havvind

For oss på Stord vil det bety mykje med satsing på havvind. Difor er det svært positivt at Regjeringa har lagt fram ein eigen strategi for havvind, i tillegg til å fylle opp det offentlege støtteapparatet slik at det er i stand til å støtte opp om ulike delar av utviklingsprosessen. Stord Høgre vil lokalt kjempe for at produksjon av havvindmøller skal leggjast til lokale bedrifter på Stord og i Sunnhordland. Slik sikrar me ein sterk industri og eit solid næringsliv for framtida i regionen vår, som også vil ha ein positiv innverknad på klimautfordringane.

Ja-partiet Stord Høgre

Stord Høgre ynskjer å styre ein kommune som er ein aktiv pådrivar for utvikling og vekst gjennom å vere ein JA-kommune. Me ynskjer også leggje til rette for nyetablering, vekst og moglegheiter for vidareutvikling av næringslivet vårt.

For Stord Høgre er det viktig å leggje fram ein eigen næringsplan i tett samarbeid med næringslivet. Denne næringsplanen skal ha spesielt fokus på vekst i arbeidsplassar, samstundes som grøn innovasjon og teknologi skal ha høg prioritet. I botn ynskjer også Stord Høgre at kommunen skal ha eit aktivt næringsfond som stimulerer til at fleire kan satse på dei tre grunnsteinane; nyskaping, arbeidsplassar og innovasjon i lokalsamfunnet.

Det betyr noko kven som styrer

Kandidaten frå SV understrekar sjølv at lokalvalet til hausten er avgjerande for næringspolitikken. Det gir eg ho rett i. Difor er det viktig at du som ynskjer ein framoverlent, grøn og sikker næringspolitikk stemmer Høgre ved haustens lokalval.

Eit stekt Høgre ved kommunevalet vil vere garantisten for å skape næringspolitikk på sitt beste, og ikkje minst – Stord på sitt beste.

- Annonse -