Liv Kari Eskeland med sambuar Svein Halleraker, mor Marie-Anne Eskeland og støttespelar Vibecke Beyer hadde svært god grunn til å juble på valvaken i kveld.
- Annonse -

Høgre får meir enn ein fjerdedel av røystene på Stord etter at 95 prosent av røystene er telt opp.

Høgre ligg an til å få 25,9 prosent oppslutnad, basert på 95,1 prosent av røystene på Stord. Det er ein framgang på 2,2 prosent frå førre stortingsval, og er difor eit historisk val for Høgre på Stord.

– Eit så bra val har me aldri hatt på Stord før så vidt eg veit, fortel Liv Kari Eskeland.

Arbeidarpartiet er framleis størst med 29 prosent oppslutnad. Det er ein nedgang som er like stor som framgangen til Høgre. Framstegspartiet gjer også eit greitt val på Stord med 17,6 prosent oppslutnad.

Elendig val for Venstre

- Annonse -

Venstre ligg an til eit historisk dårleg val på Stord. Partiet får berre 2,5 prosent oppslutnad, som er ein nær halvering frå 2013, då partiet fekk 4,5 prosent.

– Eg trur det er eit par grunnar til dette. For det første har me ein del veljarar som alltid flytt mellom Ap og Høgre, og at mange naturleg nok har nytta sjansen til å røyste Høgre for å få Liv Kari inn, seier Geir Angeltveit i Stord Venstre.

– I tillegg har det vore ein del saker der me ikkje har hevda Venstre sitt syn så godt, slik som saka om Landåsen, der den blei lansert som ei sak der Regjeringa hadde avgjort E39 gjennom Landåsen, men som ikkje har fått Venstre si støtte.

Kristeleg Folkeparti gjer også eit svært dårleg val på Stord, med 7,3 prosent oppslutnad. Det er ein nedgang på 2,4 prosentpoeng i høve 2013. Med andre ord er oppslutnaden til partiet redusert med ein fjerdedel.

Senterpartiet mest fram

Senterpartiet har gjort eit svært godt resultat dette valet. Partiet får 6,5 prosent av røystene og går aller mest fram av alle partia på Stord med ein auke på 2,3 prosent.

– Det er jo sjølvsagt veldig kjekt å gå fram. Sånn eg forstår det er det me som går mest fram på Stord. Så dette er ein Kjempekveld! Det viser jo at me har fått fram politikken vår når alle andre har snakka om Frp, seier varaordførar Jakob Bjelland.

SV gjer også eit godt val med 6 prosent av røystene, som er ein framgang på 1,6 prosent.

Miljøpartiet Dei Grøne får 1,9 prosent oppslutnad og Raudt får 1,5 prosent av røystene.

Gaute Epland (Ap) kom med følgjande kommentarar til Stord24 tidlegare på kvelden:

Geplaatst door Stord24 op Maandag 11 september 2017

- Annonse -