Hoggormen er ein skummel krabat, sjølv om han ikkje plar ta livet av menneske. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Hoggormen er i ferd med å vakna or vinterdvalen, og både hundeeigarar og me andre bør vera ekstra på vakt.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

I det nydelege vårvêret me har no, med varme, solfylte dagar, kjem hoggormen ofte fram og legg seg i opninga av hiet sitt.

– Fleire stader i Sør-Noreg er ormen observert allereie, skriv Tryg Forsikring i ei pressemelding. Selskapet oppmodar både menneske og hundar på tur om å vera ekstra på vakt.

Sjå deg godt om!

– Det gjeld å sjå seg ekstra godt om før du set deg ned ein stad der sola varmar. Hoggorm er like glad i sol og varme som du er, og i fjellet kan me treffa på heile flokkar som har samla seg. Er du ute og luftar hunden, bør du absolutt sjå deg ekstra godt om på denne tida av året, sier Tryg-sjef Espen Opedal.

Akutt tilfelle

– Hoggormbit må sjåast på som eit akutt tilfelle, som krev behandling hos veterinær så raskt som råd, seier Tor Kvinge, veterinær og dagleg leiar ved AniCura Dyresykehus i Bergen, som er tilknytt Tryg Forsikring.

- Annonse -
- Annonse -

Kvart år behandlar dei mange hundar med hoggormbit. Det er veldig varierande kor sjuke hundane blir; for to år sidan miste dei to hundar trass i intensiv behandling, inkludert motgift.

- Annonse -

– Eit tydeleg teikn kan vera at hunden din hyler til ute i skogen. Eit hoggormbit kan visast i huda som to små hol eller prikker ved sida av kvarandre. Om det var gift i bitet, oppstår ein kraftig og ofte blodraud hevelse rundt bitet, som kan spreia seg, forklarer Kvinge.

Få hunden til å slappa av!

Det er lett å få panikk dersom ein oppdagar at hunden er biten av ein hoggorm, men for hundeeigaren gjeld det å behalda roa og samtidig prøva å roa ned hunden.

– Før du kjem deg til veterinær, bør hunden haldast i ro og kvila, etter som spreiinga av giften blir framskunda ved muskulær aktivitet. Bitet skal ikke sugast på eller kjølast ned, og ein skal ikkje prøva å stansa blodsirkulasjonen frå bitstaden med forbindingar, seier Kvinge.

Ikkje drep hoggormen!

Her i Fitjar har me allereie fått fleire rapportar frå folk som har sett hoggorm i vår. Me har nemnt det før og minner igjen om at hoggormen er freda. Det er altså ikkje noko godt alternativ å slå han i hel; me lyt ta andre forholdsreglar. Hoggormdrap er miljøkriminalitet og kan straffast med bot.

Nemi slapp unna hoggormen denne gongen. Foto: FP-arkiv/KR.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -