Anne-Line Innvær er ny dagleg leiar ved Frivilligsentralen på Stord. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

Anne-Line Innvær er kjent som hovudtillitsvalt i Stord kommune. No skal ho leie Frivilligsentralen.

I haust slutta Nina Lovise Langeland som dagleg leiar i Frivilligsentralen på Stord.

I påvente av dei tøffe budsjettforhandlingane vart stillinga midlertidilig dratt inn. Men no er det klart at det blir Anne-Line Innvær som blir Langeland sin etterfølgjar.

Innvær bar vore hovudtillitsvald i Stord kommune i sju år, sidan 2011.

Ho har også vore fylkespolitikar I Hordaland for Arbeiderpartiet i ei årrekkje, mellom anna som leiar for utval for plan og miljø.

Forgjengaren Nina Lovise Langeland gratulerer Innvær med jobben på Facebook:

- Annonse -

– Hurra! Dette var fantastiske nyhende – no vart eg så letta og glad. Lukke til i ny og kjempekjekk jobb, Anne-Line!

- Annonse -