Ellen Strindenes er ny rektor på Stord vidaregåande skule. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ellen Strandenes (51) har fått jobben som ny rektor ved Stord vidaregåande skule.

– Eg ser fram til ein spennande men krevjande jobb. Eg kjenner eg er klar, sjølv om eg veit at det blir mykje arbeid. Men eg har eit godt mannskap med meg.

Strandenes har vore konstituert rektor den siste tida, etter at førre rektor, Astrid Haugland, gjekk av med pensjon. Ho er glad for at det no, etter to søknadsprosessar, blei ei endeleg avklaring.

– Det var godt å få landa det.

Lang erfaring på skulen

Strandenes har lang erfaring med leiaransvar på Stord vidaregåande skule. Ho har vore tilsett i åtte av desse åra, der ho har vore avdelingsleiar. Lærarerfaring har ho også, mellom anna på Fitjar vidaregåande, før ho begynte på Stord vgs.

– Skulen får ein rektor som kjenner både skulen og organisasjonen godt. Saman med gode medarbaidarar og flotte elevar skal me arbeida for ein fagleg sterk og synleg regionskule. Dette er likevel ei rolle du må vakse inn i.

- Annonse -
- Annonse -

– Kva blir dei største utfordringane du no står overfor?

– Utfordringane er på mange måtar lik alle andre vidaregåande skular. Me skal jobbe for gjennomføring og auka læring. Det eg vil vektlegge er at dette er ein skule med gode resultatar. Ein skule med høg trivnad blant elevane.

- Annonse -

Mange slit med psykiske vanskar

Men sjølv om dei faglege prestasjonane blant elevane på skulen er gode, står det ikkje så bra til til med den psykiske helsa. Spesielt blant jenter. Denne veka vart årets Ungdata-undersøking publisert, der det kom fram at så mange som ein av tre jenter ved Stord vidaregåande slit med psykiske problem.

– Det er jo ein nasjonal trend som ein ikkje kan luke ut på ein enkelt skule. Men det er ting me tek på alvor og som me jobbar me. Samarbeid med elevrådet er eit viktig arbeid for å fange opp elevane sine vanskar.

– Men det er viktig å hugse på at elevane har jo eit liv utanom skulane. Tala våre viser at elevane trivst godt og er aukande over tid. Det tyder på godt førebyggande arbeid.

– Vil samlokalisere skulen

Den nye rektoren står også overfor fleire store strukturendringar. Ikkje berre blir det eit nytt fylke å forhalde seg til. Skulen står også overfor storstilte flytteplanar.

I alle tilfelle skal den yrkesfaglege delen få ny skule, men Stord kommune og fylkeskommunen er no i dialog om å flytte heile skulen inn i eit nytt bygg på Vabakken. Strandenes er ikkje i tvil om at ein samlokalisert skule er den beste løysinga.

– Ein samla skule vil vere ein fordel. Det å få ein stor vidaregåande skule vil vere ein styrke for heile regionen. Men dette er utanfor vår kontroll. Det er politiske vedtak som skal takast. Men me som skule har gitt uttrykk for at me ønskjer ein mest mogleg samla skule. Men med to bygg er det nokre gonger krevjande.

- Annonse -