Ivana Pejcic er ny formann i Sunnhordland FpU. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ivana Pejcic frå Stord er valt til ny formann i Sunnhordland FpU.

I helga hadde Sunnhordland FpU årsmøte. Der vart det avgjort at ungdomsspartiet får ny leiar. Ivana Pejcic overtek etter Emil Tranøy Aasheim.

Etter mange skandalar i Framstegspartiet den siste tida, er den nye FpU-formannen klar på at dei har ein jobb å gjere for å reise opp tilliten.

– Partiet må bli synlegare, tydeligare og enda tøffare. Me har ein kjempejobb å gjera framover med å bygga opp igjen tilliten me har mista etter me gjekk inn i regjering i 2013. Dette speglar seg att i meiningsmålingane, som for tida viser skarve 10,4%.

– Me er nødt til å skifte fokus, og begynna med ordentlig FrP-politikk igjen. Folk flest ynskjer seg politikarar som seier det akkurat sånn som det er, utan å pakka orda sine inn i sølvpapir.

Vil ha strengare innvandringspolitikk

Når Pejcic snakkar om ordentleg FrP-politikk, så siktar ho mellom anna til innvandringssaka, som tradisjonelt har vore partiet sin fanesak. Ho ønskjer å jobbe for å avvikle det gjaldande asylinstituttet som styrer dagens innvandringspolitikk.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det er for meg heilt uforståelig, at me som nordmenn, skal finne oss i at det kjem folk frå andre land og lev på våre velferdsgodar utan å bidra nok tilbake. Forutan det økonomiske, er det også viktig å understreka at dei som kjem til Noreg skal assimilerast, ikkje integrerast. I Norge er det norsk kultur som gjeld.

– Stopp feministpolitikken!

Ivana har også andre politiske saker som ho brenn for. Ho ønskjer seg eit samfunn med likeverd framfor likestilling, betre eldre omsorg, strengare abortlov og kjønnspolitikk.

– Det er heilt utruleg at feministar skriker om likestilling, når me har det mykje betre enn me nokon gong har hatt det før. Stopp feminist-politikken, den er allereie begynt å gå feil veg!

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -