Marit Kaldhol. Foto: Øyvind Eide
- Annonse -

Forfattar Marit Kaldhol frå Ålesund skal setje ekstra preg på haustens utgåve av barnelitteraturfestivalen Falturiltu.

Kvart år plukkar leiinga i barnelitteraturfestivalen Falturiltu Stord ut ein forfattar som blir løfta ekstra fram. I år er det Marit Kaldhol (63) som får æra av å vere festivalforfattar.

– Festivalforfattaren er mest  kjent for sine poetiske og sterke forteljingar for barn og unge, både bildebøker, diktbøker og romanar, skriv festivalleiar Roald Kaldestad i Falturiltu i ei pressemelding. I tillegg har ho gjeve ut lyrikk, forteljingar og romanar for vaksne.

Kaldhol debuterte i 1983, med diktsamlinga lattermilde laken. Seinare har barneboka Farvel, Rune gjort stor suksess, med sal til tolv land og tildeling av ei rekke internasjonale prisar, bl.a Premio Europeo Pier Paolo Vergerio og Deutsche Jugendliteraturpreis.

Bøkene hennar har vorte lansert i minst 15 land, og ho har mottatt Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for bøkene kino og søkeord: ayotzintli og Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen zweet.

- Annonse -

Kaldhol har undervist i grunnskulen og den vidaregåande skulen og held skrivekurs for lærarar, kunststudentar og andre.

- Annonse -
- Annonse -

Kaldestad opplyser at Marit Kaldhol også blir å treffaeunder årets Vossa Jazz, i samarbeid med Falturiltu:

Festivalforfattar i 2018 var Kari Stai, i 2017 Per Olav Kaldestad og i 2015 Maria Parr.

- Annonse -