Den årsgamle bukken hadde eit ope beinbrot, og måtte avlivast.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Søndag kveld fekk viltnemnda i Fitjar telefon om ein hjort som var påkøyrd, men meldinga kom ikkje frå den som eventuelt hadde køyrd på hjorten.

Av: Kjetil Rydland

Litt etter klokka 22 i går fekk leiar i viltnemnda, Terje Aleksandersen, melding om at det låg ein hjort med knekt fot på Vikeleitet, på grensa til Rimbareid.

Hjorten hang fast i eit gjerde i vegkanten då innringaren tok kontakt med Karl André Rydland, som har ettersøkshund.

Terje Aleksandersen kan ikkje slå 100 % fasta at hjorten var påkøyrd, men han kan ikkje forklara det opne beinbrotet på annan måte.

Naturlegvis måtte den årsgamle bukken avlivast med eit velretta skot. Hjorten blir destruert, fortel leiaren i viltnemnda.

- Annonse -

Terje Aleksandersen minner om at me må melda frå me køyrer på hjort og anna vilt. Han ser helst at me ringjer til politiet på telefon 02800, slik at dei kan varsla vidare til viltnemnda og ettersøkshund.

- Annonse -