Representantar frå NCE Maritime CleanTech, Maritimt forum for Haugalandet og Sunnhordland, Norwegian Offshore Wind Cluster, Høgskulen på Vestlandet og Karmsund Port Authority, samt stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland og ordførar i Haugesund kommune. Foto: Privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Næringslivsaktørar på Stord vil ha Noregs første skyskrapar til Haugesund. 

– Me tenkjer at det er naturleg å kople på dei mange kompetanseområda me har på Vestlandet innanfor havnæringane, og at me kanskje kan få flytta lokaliseringa til nettopp vår region, der mykje av teknologiutviklinga innanfor berekraftige løysingar til havnæringane går føre seg og fleire relevante marine og maritime forskningsmiljø er etablert, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech på Stord.

Saman med ei rekke andre næringslivsrepresentantar i Sunnhordland- og Haugalandsregionen, reiste ho førre veke inn til Fornebu for å møte administrerande direktør Nina Jensen og havselskapet REV Ocean i samband med etableringa av bygget som skal bli Verdshavets hovudkontor.

Den planlagte bygningen – som er 225 meter høg og består av 64 etasjar – har skapt mykje debatt og engasjement etter at Bærum kommune takka nei til å vere vertskommune.

Eit flaggskip for Vestlandet

No har fleire kommunar kasta seg inn i kampen om å få lov til å huse den gigantiske skyskraparen av Kjell Inge Røkke og Aker. På Vestlandet har både Os, Bergen og Haugesund meldt stor interesse for prosjektet ved namn «Store Blå».

– Eg trur det kjem til å bli eit veldig synleg og visuelt bygg – eit flaggskip – som kan bidra til å setje Noreg og Vestlandet på kartet i forhold til å skulle posisjonere seg innan havteknologi, forskning og berekraftig utvikling. Me ser sjølvsagt verdien av å kunne samle eit verdsleiande kompetansesenter i vår region, og eit slikt signalbygg, seier Økland.

- Annonse -
- Annonse -

Også stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland frå Stord var tilstades på møte førre tysdag.

- Annonse -

– Slik eg ser det vil det vere naturleg at Store Blå blir lokalisert på Vestlandet. Det er her me har dei sterkaste maritime og marine klyngene som vil vere utgangspunktet for all innovasjon og utvikling av havrommet i framhaldet, opplyser ho i ein e-post til Stord24.

Vil styrke omdøme til regionen

– Kvifor tenkjer du at Haugesund vil vere eit meir passande alternativ enn Bergen? 

– I presentasjonen på tysdag kom det klart fram at Haugesund har det meste som skal til for å bli ein god vertskommune for Store Blå, og aktørar i kommunane rundt som vil vere gode medspelarar til ideen og kompetansebedriftene ein tenkjer seg lokalisert i anlegget. Så vil heilt sikkert andre lokasjonar også ha sine kvalitetar. Uansett tenkjer eg me skal glede oss over ei eventuell lokalisering om ho kjem her vest, skriv ho.

– All kompetansebygging som skjer i regionen i form av tilvekst av aktuelle verdiskaparar er med på å styrke Stord, Sunnhordland og Haugalandet sitt omdøme som lokasjon for den innovasjonen me ønsker skal vere vårt varemerke, som dei fremste i verda på grøn maritim teknologi, noko som i neste omgang vil danne grunnlag for arbeidsplassar og lågare karbonavtrykk.

Den endelege avgjerdsla kring lokaliseringa av bygningen er venta utover hausten.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -