Anne-Grete Sandtorv, dagleg leiar i Stord Næringsråd og administrerande direktør i Næringsforeningen Haugalandet, Egil Severeide, ser fram til historisk møte ved Ryvarden fyr.
- Annonse -

Førstkomande mandag skal alle næringsforeningane i Sunnhordland og Nord-Rogaland halde sitt aller første fellesmøte for å drøfte dei nye strukturane i storregionen.

Møtet som vil bli avholdt på Ryvarden er historisk. Det er nemleg første gong det vert arrrangert eit fellesmøte mellom næringsforeningane nord og sør for fylkesgrensa.

Nesten alle kommunar i storregionen er representert, frå Tysnes og Fitjar i nord, til Odda og Sauda i aust.

Det er Næringsforeningen Haugalandet og Stord Næringsråd som har teke initiativ til møtet. Egil Severeide frå Haugesund og Anne Grete Sandtorv frå Stord seier bakgrunnen for møtet er dei store infrastrukturprosjekta som no er i ferd med å gjennomførast.

– Rogfast, Hordfast og E134 vil skape ein ny kvardag for bedrifter og arbeidstakarar i storregionen. Desse samferdselsprosjekta vil knyte oss mykje tettare saman, seier leiarane i næringsforeningane i ein pressemelding.

– Me får ein ny bu- og arbeidsmarknad mellom Bergen og Stavanger med tett på ein million menneske innanfor ein reiseavstand på vel to timar. Det skapar stor moglegheiter, men også trugslar.

- Annonse -

På møtet, som vil bli avhodt førstkomande måndag, vil deltakarane bli orientert om status for dei ulike prosjekta. Så vil det bli debatt om korleis dei nye prosjekta vil påverke regionen og dei enkelte kommunane, og korleis næringsforeningane kan samarbeide meir for å gjere bedriftene mest mogleg konkurransedyktige.

– Me kan ikkje sitje med henda i fanget. Her har me ein eineståande moglegheit til å gjere Sunnhordland og Nord-Rogaland til eit kraftfullt knutepunkt på Vestlandet. Men det krevjer at me samarbeider, er godt nok organiserte og har naudsynt gjennomføringskraft, seier Severeide og Sandtorv.

Det vil vere atten deltakarar på møtet, i tillegg til føredragshaldarar frå vegselskapa Haukelivegen AS, Hordfast AS og Øyvind Ellingsen frå Statens Vegvesen.