Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ikkje sidan 1990-talet har det blitt starta bygging av færre bustader i Stord enn i 2016.

At fjoråret var eit slags «annus horriblis» på Stord synte seg ikkje berre igjen i den høge arbeidsløysa. Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå syner at ein må heilt tilbake til 1990-talet for å finne eit år med lågare bustadbygging i Stord enn i fjor.

Statistikken syner at det i fjort vart starta bygging av 56 bustadar i Stord. Det er ein sterk nedgang frå året før, då det vart starta bygging av 103 bustader, og toppåret 2007 då heile 870 bustader vart ingangsett.

Statistikken passar godt saman med befolkningsstatistikken, som synte at ein må heilt tilbake til 2000 for å finne lågare vekst i befolkinga.

Mykje tyder på at 2017-statistikken vil sjå langt betre ut. Med igangsetjing av Meierikvarteret, Hamnetind-komplekset og bustadblokkane i Teinevikjo ligg det an til igangsetjing av fleire hundre nye bustadar i år.

- Annonse -