Hilde Skaar slepp sin fyrste eigne singel i samanheng med ny norsk spelefilm. Foto: Ida Bjørvik.
- Annonse -

OSLO (STORD24): Om ei knapp veke kan me høyra Hilde Skaar (20) sin eigenkomponerte singel i den norske spelefilmen «Battle». Ho er ein av to artistar som har skrive originalsong til den nye spelefilmen.

Me møter ei smilande Hilde på cafè på Aker Brygge. 28.september kjem dansefilmen «Battle» ut, der songen til stordabu Hilde Skaar er med i første scena.

Songen «higher ground» er Hilde sin aller første eigne singel og kjem ut saman med spelelista til filmen allereie i dag.

– No føler eg at det endeleg byrjar å skje ting, fortel Hilde entusiastisk.

Blei valt av produsentane

Den siste tida har Hilde vore mykje på sessions både i Oslo og Stockholm. Det var på ein av disse at ho blei spurt om å skrive song til den nye filmen. Produsentane hadde høyrt musikken hennar og ville at ho skulle skrive songen til opningsscena.

– Eg flytta til Oslo i fjor og skreiv ein del songar utan nokre konkreta planar. Då eg fekk dette tilbodet tenkte eg at det er no det skjer og at eg måtte setje inn støtet.

- Annonse -
- Annonse -

Allereie på veg til session hadde ho ein idè om korleis songen skulle bli.

– Eg kom på vers, akkordar og melodi på flyet til Stockolm. Eg hadde ein skikkeleg klar idé om korleis songen skulle bli, fortel ho.

Hilde skreiv songen med duoen «Mad Fun» som òg har skrive songar som «First time» med Kygo. Ho har skrive med dei tidlegare og fortel at songen vert klar allereie fyrste dagen.

På premiera til filmen skal Hilde framføre sin nye singel «Higher ground» på Sentrum Scene i Oslo, noko ho gleder seg mykje til.

– Med tanke på at dette er ein så stor film håpar eg at det kan vera litt drahjelp for karrieren min, smilar ho.

Bytter namn til SKAAR

Frå no kjem Hilde til å sleppe songar under namnet «SKAAR». Namnet kjem frå staden Skaar på Fitjar. Foto: Ida Bjørvik.

Hilde fortel at me kan vente å sjå meir av ho i den komande tida, og at ho har fleire songar liggande. Ho held tilbake på detaljar, men fortel at alt nytt kjem til å bli slept under det nye artistnamnet «SKAAR».

– Kvifor bytta du til SKAAR?

– Først tenkte eg at eg skulle heite Hilde, men så følte eg det vart litt lite personleg. Det er jo namnet mitt men eg meiner SKAAR beskriv meg betre som artist.

Hilde fortel at staden Skaar på Fitjar, der namnet kjem frå, er favorittstaden hennar.

- Annonse -

– Røtene mine er jo frå Skaar og pappa vaks opp der. Eg har skrive mykje musikk der sidan eg var lita, og det kjennast meir rett enn Hilde. Og så høyres det kulare ut, legg ho til og ler.

Kjem til å lage annleis musikk

Det er ikkje berre artistnamnet som er nytt. Hilde fortel at sounden hennar som artist og kjem til å vera ny.

– Det eg har vore med på tidlegare har vore noko eg gjorde medan eg arbeida med mitt eige. Både «Wherever you go» og «Fever» blei laga då eg budde på Stord og gjekk på musikklinja. Då var det greitt å gjere noko slikt for å hive namnet mitt inn i miksen, og for å utvikla meg, fortel ho.

Sjølv om Hilde har vore nøgd med det ho har vore med på tidlegare, peikar ho på at hennar komande prosjekt er ganske langt frå dei tidlegare songane.

Ho fortel at det har vore ein lang prosess å finne seg sjølv som artist og at ho har brukt tidlegare erfaringar som inspirasjon, blant anna rockebandet «Algofilia».

– Mine største inspirasjonar er Banks, Coldplay og Florence and the machine, så eg heller nok mot ein slags indiepop/rock, forklarar Hilde.

Har ikkje lenger ein plan B

No satsar Hilde fult og heilt på musikken og fortel at ho ikkje lenger har noko plan B.

– Eg har alltid tenkt at artist er eit urealistisk mål. Men no når det faktisk byrjar å gå i oppfylling må eg berre kutte dei andre planane og verkeleg gå for det, seier ho entusiastisk.

For tida tar Hilde eit årstudium i Historie i Oslo, men fortel at det blir lite tid til historiepugging i kvardagen.

– Det er ikkje alle som veit kva dei vil gjere. Når eg veit kva eg vil, og i tillegg får høve til å gjere det, må eg berre jobbe for det.

Sjølv om ho påpeikar at musikk er ein uforutsigbar bransje, er målet å kunne leve av musikken om ikkje alt for lenge.

– Eg likar å vete akkurat kva som skjer, så det stressar meg litt at eg ikkje kan planlegge så mykje. Eg må berre ta eit år om gongen, smiler Hilde.

- Annonse -