Hilde Skaar haldt konsert på Fest i Vest i 2019. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Meldaren til Adresseavisen meiner at SKAAR frå Stord kan bli det neste store.

Stord-artisten spelte på Byscenen i Trondheim fredag kveld, under festivalen «Trondheim Calling».

Festivalen kan samanliknast med 100 Dagar-festivalen som går av stabelen på Stord kvar januar, der fokuset er på nye og unge artistar som er på veg opp og fram.

Og det er ikkje måte på kor imponert meldaren i Adresseavisen, Kristina Bye, er etter gårsdagens konsert. Ho triller seks på terningen og spara ikkje på lovorda:

«Dette er enormt høg kvalitet frå første låt ut. (…) Det er sjeldan eg tek meg i å leite etter feil, men her er det altså ingenting å pirke på. Det at SKAAR også stiller med fullt band, gir det heile ei autentisk kjensle.»

Meldaren trur 21-åringen frå Stord kjem til å gjere det stort i popbransjen i tida som kjem.

- Annonse -

«Musikk-Norge er nesten bortskjemt på talent, og det er tydeleg at Hilde Skaar er det store neste. Ikkje som nokon sin etterkomar, men som seg sjølv»

SKAAR gav i november i fjor ut sin første musikkvideo, «Five Times». I eit intervju med nettstaden 730.no i samband med lanseringa, avslørte ho at det er store nyhende på veg.

– Eg har jobba med mykje musikk til eit prosjekt i over to år no, og no er det ikkje lenge til det får sjå dagens lys. Gled dykk til februar, det gjer i alle fall eg!

- Annonse -
Forrige artikkelOver 60 personar ventar framleis på å få tilbakebetalt bot
Neste artikkelFørste findagen på vekesvis trekte hundrevis til Lundarstølen
Jonas Sætre er redaktør og journalist i Stord24. – jonas@stord24.no