Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 43 år gammal mann frå Stord er dømt for ulovleg oppbevaring av våpen og for å ha køyrd moped i narkorus.

Det var i byrjinga av desember i fjor at 43-åringen blei stansa av politiet då han køyrde moped utan førarkort. Han køyrde også utan skilt på mopeden, då desse var fjerna av politiet nokre dagar tidlegare. Mopeden var heller ikkje forsikra.

Men mest alvorleg var det mannen var påverka av det narkotiske stoffet rivotril då han køyrde mopeden. Retten legg til grunn at han køyrde med ein påverknadsgrad tilsvarande 1,2 i promille.

Ransakte bustaden

Etter at 43-åringe blei stansa av politiet vart det bestemt å gjennomføre ei ransaking av bustaden hans. Der fann politiet 9 rivotriltablettar, ei Kongsberg 22 kaliber rifle og 200 patronar som var ammunisjon til denne rifla.

Politiadvokaten tiltalte 43-åringen for heleri, då rifla stammar frå eit tjuveri i Egersund skytterklubb sine lokale tilbake i år 2000. Retten er heller ikkje i tvil om at det er her våpenet stammar frå.

Tiltalte forklarte at han fann våpenet stukke ned i jorda bak skytterlags-huset ved skytebanen på Isdal på Stord i 2012. Han forklarte at han pleidde å dra dit for å ta seg ein joint på kveldane eller natta.

Det var ei slik salongrifle 43-åringen hadde i bustaden sin. Foto: Kongsberg Våpenhistoriske Forening

Våpeninteressert

- Annonse -
- Annonse -

Tiltalte forklarte at skytevåpenet ikkje var brukeleg, men då han er over snittet våpeninteressert tok han det med seg heim der han pussa det og fjerna rusten. Sidan har det stått i eit skap, forklarte han.

Retten meiner tiltalte forklarte seg noko uklart rundt denne hendinga, men viser til at rimeleg tvil skal kome tiltalte til gode.

- Annonse -

– Dei aller fleste ville nok i ein tilsvarande situasjon kontakta politiet eller det lokale skytterlaget for å opplyse om det etterletne våpenet, meiner retten.

Frikjend for heleri

Likevel meiner retten at det ikkje er grunnlag for å slå fast at tiltalte var klar over at våpenet stamma frå ei straffbar handling. 43-åringen blir dermed frikjent for å ha skaffa seg utbyte av ei straffbar handling. Men retten dømte han for brot på våpenlova, då han mangla løyve for oppbevaring av våpen og ammunisjon.

Sunnhordland tingrett kom dermed fram til å dømme mannen til 24 dagars fengsel.

Han må også betale ei bot på 10.000 kroner til statskassa, og blir idømt sperrefrist på to år for å ta førarkortet.

43-åringen tilsto alle forholda han blei dømt for, og fekk noko straffrabatt for dette.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -