- Annonse -

Me vel dei til å bestemma for oss, men korleis representerer dei folkevalde eigentleg veljaren?

For eiga rekning: Ingrid Hovstad

Valdagen nærmar seg med stormskritt, og Fitjar kommune skal få 17 nye politikarar inn i kommunestyret. Det vert store forandringar. Ikkje partimessig, då det er dei same 5 partia som sit i kommunestyret som stiller lister. Personmessig vert det forandringar. 9 av dei sitjande medlemmane, der av både ordførar og varaordførar har takka nei til å stå vidare på lister.

Eventuelt er desse 9 ikkje blitt spurt på nytt, men eg er ikkje her for å konspirera. Spå framtida kan eg ikkje, men eg kan fortelja litt om politikarane som har styrt kommunen vår dei siste 4 åra.

Eg kan blant anna fortelja at halvparten av det sitjande kommunestyret føler at dei i «svært stor» eller «stor» grad får gjort nytte for seg i kommunestyret. Tilsvarande var det berre 32 prosent som svara dette på Stord.

Over 70% handlar etter kva dei meiner er det beste for veljarane

Veldig forenkla kan ein seia at det berre finnest to måtar ein politikarar kan representera deg på. Den første måten er å vera ein bunden politikar. Han meiner at veljaren har gitt han standpunkt og meiningar han må meina på vegne av dei.

- Annonse -

Den andre måten er å vera ein ubunden. Politikaren meiner då at veljaren har valt han, og dermed gitt han løyve til å meina det han trur er det beste.

Blant politikarane i det sitjande kommunestyret meiner nærmare 75 prosent at veljaren har gitt dei løyve til å handla slik dei meiner er best.

Eg kan avkrefta at det samanheng mellom kjønn og representasjonsstil. Fleirtalet av både kvinner og menn i kommunestyret på Fitjar, og Stord meiner veljarane har gitt politikarane løyve til å meine på vegne av veljarane.

Samanheng med synet på folkerøystingar

– Er det så nøye korleis politikaren representerer meg då, spør kanskje du.

Vel korleis politikaren meiner han representerer deg, og korleis politikaren ser på folkeavrøystingar heng saman.

33 prosent av politikarane på Fitjar og Stord er i mot å nytta folkerøystingar. Nesten 90 prosent av desse ser på seg sjølv ubunden.

Fleirtalet av politikarane på øya er like vel einige om at folkerøystingar bør nyttast rådgivande, og ikkje bindande. Ein kan argumentera for at folkerøystingar teknisk sett er bindande, då ein politikar som går i mot fleirtalet av ei røysting vil mista sin legitimitet. Ved å gjera folkerøystingar bindande vil ein forskyva maktbalansen, og me vil hella meir mot direkte demokrati enn representativt.

Stort fleirtal av hestehandlarar

– Ja ja, men då fortel desse politikarane meg kva dei meiner, og står på sitt til siste ord er sagt i alle diskusjonar, tenkjer kanskje du.

Det forklarer ikkje neste fakta eg legg på bordet, nemleg at berre 14 prosent av representantane er kompromisslause. Det vil seia at 86 prosent av kommunestyret denne perioden kan klassifiserast som det motsette; kompromissvillige.

Fleirtalet av desse kompromissvillige legg lite vekt på faglege vurderingar når kommunestyret skal løysa problem. I fagteorien kallar ein desse politikarane hestehandlarar.

Ikkje idealet

Nesten 60 prosent av politikarane i det sitjande kommunestyret på Fitjar er hestehandlarar.

Den «ideelle» politikaren er den prinsippfaste, både «korsfararen» som legg lite vekt på fagkunnskap, og «sakseksperten» som legg stor vekt på fagkunnskap. I Fitjar fell berre 14 prosent av kommunestyret inn i desse kategoriane. 50/50 mellom korsfararar og saksekspertar.

Dette er ikkje uvanleg for Fitjar. På Stord var tala enno lågare, med 3% saksekspertar og 6% korsfararar.

Eg seier ikkje at eg heller vil ha eit kommunestyre fullt av korsfararar enn hestehandlarar. Det hadde vore kaos, og dei ville truleg aldri kome fram til løysningar saman.

Men det handlar om veljaren. For er du som veljar sikker på at den du røystar på meiner dei representerer deg på ein måte du ynskjer? Veit du om politikaren du røyster på er ein hestehandlar?

Sjølv ynskjer eg meg eit kommunestyre med høg kvinnedel, og breidd spreiing i alder, geografisk tilhøyrsle og yrkesbakgrunn, men eg tek gjerne nokre saksekspertar på kjøpet!

Godt val!

 

Tala kjem frå bacheloroppgåva eg leverte i 2017I den såg eg på samanhengen mellom representasjonsstilen til politikarane i Fitjar (og Stord kommune) og kva dei meina om å nytta folkeavrøystingar.

Alle politikarane på øya svara på eit spørjeskjema, og sidan eg antar vaksne politikarar ikkje lyg på eit anonymt spørjeskjema vi eg difor påstå at opplysningane eg kjem med er sanne.

Politikarane kunne når som helst hoppe over spørsmål, difor er nokre av tala rekna ut frå eit mindre utval enn andre. 

- Annonse -