Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet har vore på gravplassen ved Stord kyrkje etter melding om skadeverk på fleire gravstøtter.

Eit tosifra tal på graver er blitt utsett for herverk. Ei gravstøtte er blitt totaltskadd, og blomar og lykter er øydelagde, opplyser politiet.

– Politiet har vore på staden og oppretter sak, melder Sørvest politidistrikt.

Foto: privat

Etterlyser tips

Politiet fekk melding om saka fredag, og har førebels ingen mistenkte i saka.

– Me fekk melding om hendinga like før klokka 10, og kva tid det er skjedd veit eg ikkje. Det var kyrkjevergjen som melde frå om hendinga, seier operasjonsleiar Kurt Løklingholm.

Stord-lensmann Roald Raunholm oppmodar publikum til å kome med tips i saka.

- Annonse -

– Dei som har observasjonar om mistenkeleg åtferd på kyrkjegarden i løpet av den siste veka, eller som har andre opplysningar i saka, blir bedt om ta kontakt med politiet på telefon 02800, seier Raunholm.

– Blir frykteleg lei meg

Kyrkjeverje Liv Kari Bru seier ho er svært lei seg over det som har skjedd.

– Eg blir frykteleg lei meg for at nokon kan finne på noko sånt. Dette er frykteleg simpelt. Herverk er jo gale i seg sjølv, men å utføre herverk på ein gravplass synest eg er lavmål.

Ho fortel at det er mange gravar som er råka av herverket.

– Det er snakk om 25 til 30 gravar. Det er ingen gravstøtter som er velta, men det er mykje simpelt herverk. Knusing av lykter, dei har teke fuglar og englar, og øydelagt bedd. Eit gravminne er forsøkt teke frå kvarandre.

– Det er blitt veldig rotete. Når du kjem inn på gravplassen ser du ikkje med første augesyn at noko er veldig gale her, men dei som eig gravane vil fort sjå at gravane sine ikkje er i orden, seier kyrkjeverjen.

Foto: privat

Vil ta kontakt med pårørande

Bru seier ho no vil ta kontakt med pårørande til gravande som er hardast råka.

– No skal eg ringe til dei pårørande som er mest berørt. Ellers har ikkje me sjanse til finne ut kva lykkter som høyrer til på dei ulike gravene. Me må berre samle dei inn og stole på at folk er ærlige og tek sine.

Ho vil råde pårørande om å ta turen opp til gravplassen.

– Eg vil råde folk om ta turen opp her og sjekke. Så har me folk her no som er her og kan bistå.

- Annonse -