Foto: Statens Vegvesen
- Annonse -

Politiet måtte stoppe den utanlandske bussjåføren på Halhjem etter at han ignorerte kontroll på Vabakken. 

Det var måndag ettermiddag at Statens Vegvesen hadde skilta kontroll på Vabakken, der fokuset var bilbelte i buss.

At det svarar seg å stanse når Vegvesenet har kontroll, fekk ein utanlandsk sjåfør erfare. Han ignorerte skiltinga og køyrde vidare nordover mot ferga. Etter overfarten blei han møtt av ein politipatrulje på Halhjem.

– Det var også ein tilsvarande kontroll på Halhjem. Så då bussen køyrde forbi oss så ringte me til patruljen på Halhjem og sa dei måtte sjå etter bussen. Då blei politiet blei kontakta og sjåføren fekk antalelegvis ein reaksjon frå politiet, seier kontrolleiar Jo Kjetil Strand ved Statens Vegvesen på Stord.

– Skjer det ofte at sjåførar ignorerer kontrollane?

– Ja, det skjer diverre alt for ofte.

- Annonse -

Strand åtvarar sjåførar om at det som oftast vil føre til politimelding å ignorere slike kontrollar.

– I utgangspunktet er det jo slik at det fører til politimelding dersom ein ikkje stoppar for skilta kontroll. Då er det slik at om det er norske sjåførar er det me som må skrive politimeldingane, og dersom det er utanlandske sjåfører er det politiet som må inn i bildet.

Kontrollen på Vabakken i går var for å sjekke om folk nytta bilbelte i buss. Her er det stort forbetringspotensiale, ifølgje Strand.

– Det er klart at me ser at det er mange som ikkje brukar så mykje belte i bussen. Me har  gode målingar som viser at nesten 100 prosent svarar at dei nyttar belte i bil, men i buss er tilbakemeldingane at det vert nytta langt mindre. Så det er viktig med fokus på auka bilbeltebruk i buss.

- Annonse -