Kronprins Haakon fekk ei grundig innføring i både historie og aktuelle prosjekt under Kværner-besøket fredag, i høve verftet sitt 100-årsjubileum
– Ja her var det høgt under taket!
Kronprins Haakon let seg imponere av dimensjonene då han entra plateverkstaden på Kværner Stord.
Her blei han møtt med ein presentasjon av det pågåande storprosjektet for verftet, Johan Castberg, av prosjektleiar Heine Haktorson.
– Det blir spennande å følge Castberg vidare no som eg har høyrt litt om det, kvitterte Kronprinsen.
Norges nye regent gav tydeleg uttrykk for viktigheita av industriaktiviteten på Kjøtteinen då han haldt tale framføre hundrevis av Kværner-tilsette.
– Eg har fått høyre frå historiegruppa at Kværner også har vore ein viktig del av min familiehistorie. Her har Kong Haakon vore, bestefaren min har vore her, Prinsesse Martha og foreldra mine har vore her…
– Alle har vore på Stord! utbraut Kronprinsen.
Kronprinsen hadde eit tettpakka program under besøket på Stord. Her har han ikkje vore sidan signingsferden til Kong Harald i 1991. Den gongen var Kronprinsen 17 år gammal.
– Det har vore fint å vere tilbake på denne viktige staden for Vestlandet og Norge sin industri- og velstandsutvikling, sa Kronprinsen.
Den gongen kom han til Leirvik med kongeskipet, men i dag valde hoffet ein noko meir folkeleg reisemåte. Kronprins Haakon kom nemleg med ruteflyet frå Oslo til Stord, og drar tilbake med ettermiddagsflyet same dag.
Kronprinsen sitt apparat hadde kanskje ikkje førebudd seg på den effektive logistikken på Stord lufthamn, før han kom til utsida av velferdsbygget på Kværner i god tid før skjema, der eit hav av barnehageungar hadde møtt opp for å ta i mot han.
Der blei han helst velkommen med song av ungar frå Naustvågen barnehage, og fekk helst på Magdalena From Delis, som viste fram det store veggmaleriet ho har malt i høve jubileet.
Sjå videoklipp frå velkomsten med barnehageungane her:
Kronprins Haakon blei ønska velkommen til Kværner og Stord av flott song frå Naustvågen barnehage ?
Geplaatst door Stord24 op Vrijdag 23 augustus 2019
Her kan du sjå talen som Kronprins Haakon haldt for dei tilsette på Kværner:
Geplaatst door Stord24 op Vrijdag 23 augustus 2019
Saka vert oppdatert med bilete og rapportar frå Kronprinsbesøket!