- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Turbinane er no godt på veg til Skottland, og kan bli sett av nysgjerrige langs kysten.

Sjå video øvst i saka!

Den første av fem turbinar til verdas første flytande vindpark, Hywind Scotland pilotpartk, har begynt si reise frå Stord til Nordsjøen. Nærare bestemt Buchan Deep, 25 kilometer aust for Peterhead i Skottland.

Transporten skjer knappe år etter at den skotske regjeringa ga sitt samtykkje til Statoil si flytande vindpark, opplyser Statoil i ei pressemelding.

- Annonse -

Rett før midnatt 18. juli byrja slepet av den 253 meter høge turbinen. Med e it vingespenn på 154 meter og ei vekt på nær 12.000 tonn, er det ingen liten konstruksjon som skal fraktast. På Stord måtte Eldøyane næringspark utvide arealet for å få plass til enorme tårna under konstruksjonen.

Slepet er i følgje Statoil rekna til å ta mellom fire og fem dagar.

- Annonse -