Ingeborg Hatlevik Ørjasæter er sjukepleiar med vidareutdanning i sexologi og familieterapi. Foto: privat
- Annonse -

MEINING: Tusen takk for eit modig bidrag til ein viktig samfunnsdebatt, Andrea!

Av: Ingeborg Hatlevik Ørjasæter, Stord
sjukepleiar med vidareutdanning i sexologi og familieterapi

Det er ikkje kvar dag eg tyr til Facebook for å skrive mi meining. Men etter å ha sett talen til Andrea Teistedal Dyrøy på «Ta ordet!» så må eg det.

Makan til modig 17-åring! Ho tar opp eit tema som eg har jobba mykje med dei siste 10 åra. Eg har snakka med mange hundre ungdommer, barn, foreldre, lærarar og helsesjukepleiarar om denne tematikken. Det er så mange smertefulle fortellinger om barn og ungdoms forhold til kropp og fellesdusjer!

Barna våre vokser opp i ei tid med store samfunnsproblem som enkeltindividene må bera. Skal vi voksne bare godta det? Vi kan ikkje bare snakke om det ideelle når barna våre har ein kvardag prega av noko heilt anna enn slik vi vil ha det. Eg skulle så inderlig gjerne ønska at båsar i fellesdusjen på barneskulen ikkje var nødvendig. At barna våre ikkje blir eksponert for skjønnhetsindustrien i barnehagealder.

Det finnes voksne som ikkje har gått inn i voksenkoma og har nok med sitt. For her må vi «vanlige» voksne opne augene og sjå kva barna våre blir eksponert for og kva deira kvardag er prega av. Om du høyre Andrea sin sterke fortelling og tenker at dette angår så altfor mange barn og ungdom så må vi voksne faktisk gjer noko. Så til deg som styrer og steller i kommunane våre. Kan du vera så snill og engasjere deg i å løfte opp denne saka?

- Annonse -

Andrea viser til ein episode i 5. klasse der det vart laga ei liste over dei jentene som var styggast nakne. Vidare skriv ho i talen sin; «eit samfunnsproblem løysast ikkje ved å bli tvungen til å vere naken».

Tusen takk for eit modig bidrag til ein viktig samfunnsdebatt Andrea! Og til alle dåke andre eg har møtt på min veg som fortel om brutale og smertefulle historier fra fellesdusjen; eg er lei meg for at dette samfunnsproblemet ligg på skuldrene til enkeltindivid. Eg skal kjempe samen med dåke for at stemma dåkas blir løfta opp!

Dette er dagen for å like og dele og vise at vi er mange voksne som ikkje er i «voksnekoma»!

Denne teksten vart ført publisert på skribenten sin Facebook-side og er attgjeven i Stord24 etter avtale.

- Annonse -
Forrige artikkelDen ferske rapporten er skjebnesvanger for Stord lufthamn. Dette er konklusjonen
Neste artikkelStordabu ringte naudtelefonen nær 100 gonger. Så gjekk han laus på politiet