Ferje Toghatten Nord
Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

MF Samnøy er no på plass i ruteområdet sitt.

Av: Harald Johan Sandvik

Etter mange veker venting er no to av dei nye ferjene til Torghatten Nord AS komne fram til ruteområdet sitt.

MF Huftarøy var innom Sandvikvåg i går kveld, og tok med seg passasjerar og bilar nordover til Halhjem. I dag kom den andre ferja, MF Samnøy, innom Sandvikvåg for alle første gong for å testa kaiane.

Ferja kom direkte frå Rubbestadneset i dag, og la til kai i Sandvikvåg klokka 12.45.

- Annonse -

Dei neste dagane vert nytta til bunkring, testing og klargjering for drift.

- Annonse -
- Annonse -

Etter det bladet Sunnhordland kan fortelja i dag, håpar reiarlaget å ha begge ferjene i rute i løpet av denne veka.

Samnøy midt i sundet for første gong. I fjorden ser me Bastø III til venstre og Berrgensfjord i midten. Foto: Harald Johan Sandvik
Samnøy har kurs mot ferjekaien. Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -