Rådmann Magnus Mjør. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Her kan du sjå korleis rådmannen vil kutte 69 millionar i neste års kommunebudsjett.

Av: Rådmannen i Stord kommune

Rådmannen sitt budsjettforslag for 2020 skal byggja på vedteken økonomiplan for åra 2019.

Den økonomiske situasjonen gjer det uråd å vidareføra driftsnivået og å følgja opp dei tiltaka som ligg i planen. Utgangspunktet for arbeidet med 2020-budsjettet er ei underdekning på nær 100 mill. kr. for å følgja opp vedtekne satsingar og vidareføra drifta på 2019-nivå med det føreskrive driftsresultat på 1,75 prosent.

Årsaka til denne situasjonen er samansett. Noko forenkla ligg forklaringa på halve underbalansen i lovendringar, forslaget til statsbudsjett, og redusert folkevekst. Veksten i dei frie inntektene, skatt og rammetilskot, dekker snautt halve auken i løn, pensjon og prisar.

Bemanningsnorma i skule og barnehage, som får heilårsverknad frå og med 2020, er
underfinansiert, og endringar i eigedomsskattelova og kommunelova svekker
inntektsgrunnlaget og skjerpar krava til å avdra gjeld. Drifts- og kapitalkostnader som følgje av nye investeringar i bygg og anlegg, først og fremst nye sjukeheimsplassar og bufellesskap på Haga, gjev meirkostnader på om lag 30 mill. Dei siste 20 mill. kan forklarast med volumvekst og reduserte inntekter som følgje av at tilstrøyminga av flyktningar har avtatt.

- Annonse -

Budsjettforslaget er gjort opp med brutto driftsinntekter på 1,530 mrd. og ei investeringsramme på 528 mill. Det er budsjettert med eit mindreforbruk på 20 mill. kr og eit netto driftsresultat på 10,37 mill. kr. For å oppnå dette har rådmannen måtta gjennomføra kostnadsreduksjonar innanfor dei fleste sektorane. Driftsbudsjettet er redusert med 69 mill. kr i høve til 2019-nivå og medfører direkte konsekvensar for innbyggjarar og tilsette. Det å ta ned tenestene og bemanna ned slik budsjettforslaget legg opp til vil krevja forankring politisk og administrativt.

Driftsbudsjettet er elles saldert med justerte prognosar, og tiltak er foreslått utsette.
Budsjettforslaget følgjer ikkje opp kommunestyret sitt vedtak om økonomiske handlingsreglar. Det rekneskapsmessige mindreforbruket er 1,31 prosent medan netto driftsresultat er 0,68 prosent.

Budsjettforslaget legg opp til at kommunen i 2020 vil ha ein skattevekst på 2,7 prosent, basert på SSB sin folketalsframskriving med «middels nasjonal vekst». Det inneber at folketalet i Stord kommune vil vere 18 940 innbyggjarar 1. januar 2020.

Økonomiplanen viser at kommunen sine økonomiske utfordringar er aukande, først og fremst som følgje av auka lånegjeld. Renter og avdrag aukar i 2021 med ytterlegare 16,6 mill. Det vil vera avgjerande å få redusert kostnadene i økonomiplanperioden.

Eigedomsskattelova er endra slik at det i 2020 vert eit inntektsbortfall på 11,8 mill. kr. Rådmannen gjer framlegg om at skattesatsen for næring vert auka frå fem til seks promille og at botnfrådraget for bustader og fritidsbustader vert fjerna. Dette vil gje ei samla inntekt i 2020 på 51,6 mill. kr, 1,3 mill. meir enn i 2019.

Løyvinga til folkevald arbeid er vidareført på same nivå som 2019, prisjustert. Det er lagt inn 1 mill. til kontrollutvalet, som i sitt budsjettframlegg for 2020 har foreslått 1,2 mill. Det er forslag om å ta inn 19 lærlingar også i 2020. Det er sett av 3,5 mill. kr til kurs og etterutdanning.

3,5 årsverk er føresett overført til skatteetaten frå 1. juni i samsvar med forslag til statsbudsjett. Reforma svekker budsjettbalansen i 2020 med 1,2 mill. kr i form av tapte overføringar og gebyr.

Administrasjonen er redusert med 5,65 årsverk. Som følgje av dette legg rådmannen opp til at publikumstida på rådhuset frå 2020 vert kl. 09.30-14.30.

Det er budsjettert med eit driftstilskot til kyrkja i Stord på 8,4 mill. kr. Det tilsvarar ikkje-prisjustert tilskot for 2019. Det ligg inne 12 mill. kr til prosesjonsveg ved Stord kyrkje i 2021-2022 og årlege løyvingar til rehabilitering av kyrkjene og utstyr med 1,2 mill. kr.

Det er lagt opp til revisjon av den overordna ROS-analysen i 2020.

Oppvekst og kultur

MOT-programmet er vidareført. Budsjettet til Stord-skulen er sidan 2018 tilført 14,3 mill. kr til fullfinansiering av lærarnorma. Elevressursen er i 2020 redusert med 2,1 mill. kr. Ny Nysæter ungdomsskule og fleirbrukshall ligg inne med kr 306 mill. På Langeland er det sett av 23,3 mill. til ny gymnastikksal i 2020 og 10,2 mill. til tre nye klasserom i 2021.

Betalinga for SFO er auka med 3,6 prosent. Vikarpoolen for skule og barnehage er foreslått avvikla og Fagavdeling oppvekst er redusert med eit halvt årsverk, begge tiltak for å betra budsjettbalansen.

Inntektsgrunnlaget til vaksenopplæringa er kraftig redusert. Tenesta har fått budsjettet redusert med 1,5 mill. kr. Det ligg inne 132 mill. kr i overføringar til private barnehagar, 3,2 mill. meir enn i 2019. Det er venta at det vil vera behov for 60 færre barnehageplassar i 2020. Det er forslag om å avvikla drifta i Sagvåg barnhage avdeling Nysæter (34 plassar) og å halda ledig sju småbarnsplassar i Skogatufto. Desse tiltaka vil gje ei direkte sparing på 2 mill. Løyving til ny barnehage for Sagvåg og Litlabø ligg inne i 2023-24.

Budsjettforslaget legg opp til å utsetta tilsetting av lovpålagt psykolog til 1. august 2020. Fritidsklubbane Harri og Litlabø er frå 2020 foreslått organisert under Eining for førebyggjande tenester og ungdomsteamet. Samstundes er opningstida redusert frå to til ein kveld i veka Måndagsklubben og onsdagsklubben er foreslått avvikla. Budsjettet for Tilrettelagt fritid, støttekontaktar, er redusert med 0,4 mill.

Den nye vaktordninga for barnevernet er finansiert tilsvarande kr 35 per innbyggjar (samla kostnad 0,6 mill.). Tiltaksbudsjettet for barnevernet er basert på kjente vedtak i september 2019.

Det er forslag om å oppretta ny Eining for kultur, med fagavdelingar for kino, bibliotek og kulturskule. Einingsleiar vil ha tittel kultursjef. Dette vil kunna betre synleggjera tenestene og det ålmenne kulturarbeidet. Rådmannen meiner og at ei slik organisering vil gje meir heilskapleg styring og samordning, og betre utnytting av knappe rammer.

Dei samla kulturtenestene er likevel redusert med 1,5 årsverk for å styrka budsjettbalansen. Det er ikkje funne rom for å styrka kulturskulen, som vert foreslått vidareført på 2019-nivå med 598 elevar og 775 elevplassar. Elevbetalinga i kulturskulen er ikkje foreslått auka. Tilskot til kulturføremål, lag og organisasjonar er vidareført som i 2019. Administrasjonsressursen til idrettslaga vert foreslått trekt inn (0,35 mill.).

Det vert foreslått å utarbeida eit forstudie for ombygging og utvikling av kulturhuset.

Rehabilitering, helse og omsorg

Grunnbemanninga innanfor desse tenestene er etter budsjettforslaget på eit minimum i høve til dei oppgåver som skal gjennomførast. Vedtak må revurderast. For å motverka konsekvensar, vil kommunen prioritera vidare satsing på velferdsteknologi, prosjektet Godt å bu heime, førebyggjande heimebesøk, Frisklivssentralen, Hamna kontaktsenter og Heimerehabilitering.

Heimebaserte tenester får ein reduksjon på nær fire årsverk, dagtilbodet for demente vert foreslått redusert frå 16 til 13 plassar. Stord sjukeheim får ein reduksjon i bemanninga på vel tre årsverk, Knutsaåsen på fire. Rådmannen har ikkje funne rom for å ta i bruk nye sjukeheimsplassar i 2020 slik planen var. Det er heller ikkje lagt opp til å etablera produksjonskjøken, som vil gje ein årleg driftskostnad på 2,2 mill. Døgnplassane ved rehabiliteringssenteret er foreslått avvikla, det er venta å gje ei innsparing på omlag kr. 7,2 mill. Eining for habilitering får redusert bemanninga med 9,5 årsverk. I tillegg er det framlegg om å utsetta innflyttinga i Husahaugen bufellesskap til 1. september. Bemanninga på tildelingskontoret er foreslått redusert med 2,6 årsverk.

Det er forslag om å avvikla personalbasen i Åkervikåsen og om å seia opp samarbeidsavtala med Helse Fonna om legemiddelassistert legebehandling. Ein avviklar med det dagtilbodet Maris. Samla sparing på Eining for psykisk helse og rus er 9,3 mill. Kommunen har eit høgt uttak av sosialstønad. Løyvingar til økonomisk sosialhjelp, introduksjonsordninga og kvalifiseringsprogrammet er likevel redusert med 2 mill. NAV- kontoret er foreslått redusert med tre stillingar. Det er også forslag om å seia opp avtala med Kirkens bymisjon.

Rådmannen føreslår og at 0,3 årsverk som kommunelege vert ståande ledig i 2020.

Plan og utvikling

Rådmannen gjer framlegg om å omorganisera den sentrale leiinga ved at stillinga som kommunalsjef for områda næring, miljø og kultur vert gjort om til plansjef. Føremålet med endringa er å styrka det sentrale planarbeidet i kommunen. Rådmannen meiner at Stord kommune ved revisjon av samarbeidsavtala om Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor bør vurdera å ta heim arbeidet med miljø og klima.

For å styrka budsjettbalansen er løyvinga til det overordna planarbeidet redusert med 0,5 mill. Stillinga som prosjektutviklar i sentraladministrasjonen vert trekt inn, og det vert redusert med eit årsverk kvar på byggjesak og oppmåling. Det er lagt opp til noko auke i gebyra innanfor regulering, byggjesak og oppmåling. Satsane er likevel på nivå med samanliknbare kommunar. Det er lagt inn ressursar til å digitalisera byggjesaksarkivet.

Det er forslag om at brannstellet får ny stigebil i 2020 og ny brannbil i Sagvåg i 2021. Dagkasernering og etablering av ny bilordning er foreslått utsett. Stord brann og redning vert med i Vest brann og redning frå og med 2020.

Løyvinga på kr 10,8 mill. til brannsikring og slusing/sikring av rådhuset er vidareført. Det er også i 2020 lagt inn 7,5 mill. til generell brannsikring, innemiljø og ENØK. Det ligg inne 0,5 mill. til vaktmeisterbil i 2020, og 1 mill. årleg til grunnkjøp. Driftsbudsjettet til Stord kommunale eigedom er redusert med 2,8 mill. kr, m.a. er vedlikehaldsbudsjettet redusert med 0,6 mill. Det er også forslag om å redusera 1,5 administrative årsverk, eit halvt på idrett og friluftsliv og eitt på bygningsarkiv. Som eit bidrag til å saldera driftsbudsjettet er det forslag om å ta ut 2 mill. kr i utbyte frå Stord kommunale eigedom AS.

Budsjett for vassforsyning og avlaup vert i samsvar med kommunestyret sitt vedtak handsama i eige dokument. Årsgebyr for vassforsyning er føreslått auka med 16,3 prosent, avløp med 17,4 prosent. Renovasjon er foreslått auka med 12,0 prosent.

Driftsbudsjettet for vegavdelinga er redusert med 0,9 mill. Det ligg inne 6 mill. årleg til asfaltering og 2,5 mill. årleg til veglys (LED). Det er 2 mill. til samarbeidsprosjekt i 2020 og 1,5 mill. årleg til trafikksikring. Det er sett av 140 000 kr til ladeplassar for el-bilar i Leirvik sentrum. Det er forslag om å gjeninnføra avgiftsparkering i Leirvik i 2020. Det er lagt inn 0,5 mill. i investering til føremålet og estimert 0,75 mill. i inntekt.

- Annonse -