Foto: Stord KrF
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Torbjørn Brosvik prøvar seg på nytt som ordførarkandidat for Kristeleg Folkeparti på Stord.

KrF hadde nominasjonsmøte på Stord rådhus 6. mars. Der vart det klart at det blir Torbjørn Brosvik som vert Stord KrF sin ordførarkandidat.

– Lista er breitt samansett både geografisk, aldersmessig og med ulik yrkesbakgrunn. Begge kjønn er og godt representert, seier Dag-Ove Fauskanger som har leia nominasjonsnemda.

Han peikar også på god geografisk spreiing på partilista.

– Me har ei god blanding av erfaring og nykommarar, nokre har sete i kommunestyret fleire periodar tidlegare og er tilbake med ny giv, medan andre er heilt ferske i politikken. Me har folk på lista frå både Sagvåg, Vikjo og nordom bekkjen, seier Fauskanger.

Gruppeleiar i KrF, Torbjørn Brosvik, er godt nøgd med fire nye år på topp for partiet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg er glad og stolt over å få stå på førsteplassen på denne lista. Me har eit sterkt lag med oss som eg trur vil få mange stemmer. Me er offensive og siktar mot å overgå førre valresultat med god margin, seier Brosvik.

Trass i ei tid med djup krise for partiet fortel Brosvik at det går rette vegen for KrF på Stord.

– Me er inne i ein god trend for partiet og har på Stord fått 9 nye medlemmer sidan årsskiftet. Dermed er me oppe i 167 medlemmer, noko som er ein klar oppgang.

Her er alle namna på KrF si nominasjonsliste:

NrNamnFødselsårStilling
1Torbjørn Brosvik1982Seksjonsleiar
2Britt Kristin Ladehaug1966Rektor
3Dag-Ove Fauskanger1972Elektroinstallatør
4Gunnhild Karin Eikeland Hystad1969Pedagogisk leiar
5Magne Andresen1978Sivilingeniør
6Arne Kaldestad1984Studiekoordinator
7Håkon Lyngøy1997Student
8Arild Andersen1972Lærar
9Margrethe Hystad Carter1989Kunstnar
10Inge Hystad1944Pensjonist
11Live Petterteig2001Elev
12Jarl Jostein Brosstad1959Vernepleiar
13Berit Hovstad1971Rådgjevar
14Kjetil Fyllingen1977leiar omGud.net
15Ingfrid Hystad Evensen1985rådgjevar/lærar
16Tore Tveit1948Pensjonist
17Reidar Brevik1945Pensjonist
18Liv Marit Arnevik Lønne1950Pensjonist
19Olav Ingvald Fauskanger1941Pensjonist
20Odd Naustdal1976Informasjonssjef

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -