Linda Eide skal halde språkshow på Arena i kveld, saman med Stord-forfattar Selma Lønning Aarø.
- Annonse -

Få med deg avslutninga på Falturiltu-festivalen, samt ei rekkje andre spennande hendingar på Stord denne helga.

Fredag kveld blir det språkshow med Linda Eide på Arena. TV-stjerna tek med seg Sjur Hjeltnes, Selma og Kari Lønning Aarø. Under parolen Språk er sjov! gyv Linda Eide laus på språklege fenomen, kuriositetar og historier. Ho hyllar og herjar med vår språklege kvardag, og byr inn til språkleg påfyll i ei hyggeleg og eksamensfri atmosfære! Pianist og komikar Sjur Hjeltnes sørgjer for musikalsk og verbal bækking av ypparste slag. Framsyninga startar klokka 20.

Dersom du ikkje har høve til å møte opp på Linda Eide-showet, har du framleis høve til å få med eit arrangement knytt til Falturiltu-festivalen. Fredag kl. 18 vil forfattar Ragnar Hovland ha høgtlesing for vaksne ombord på bokbåten EPOS i Leirvik hamn. Her lyt ein melda seg på ved å sende ein mail til falturiltu@gmail.com.

På Veteranskipet MS Sunnhordland er det fredag kveld duka for kabaret med Stordingane med Harald Vik sine melodiar. Mange frå dei eldre generasjonane hugsar kanskje revyer og radioprogram med musikk skrive av Harald Vik. Det vert høve til dans etter kabareten. Arrangementet startar klokka 20.

Laurdag ettermiddag blir det ein ny runde med Olsens & Jensens viseklubb, då dei vil arrangere visekonsert med countryartisten Daelen (Marte Dæhlen) saman med dei lokale viseheltane i The Kambourines. Ein vakker ettermiddag med nydelege harmoniar og rørande, vakre countrylåtar, skriv arrangøren. Konsertstart kl. 16 på Osvald Pub.

Det går ikkje lange stunda før det igjen blir live-musikk på Osvald. Klokka 22 laurdag kveld går partybandet Splint på scena.

- Annonse -

Søndag ettermiddag blir det haustbasar i Sagvåg skule i regi av Sagvåg skulekorps. Her blir det loddsal, åresal, sal av betasuppe, kaker, brus og kaffe, i tillegg til musikk frå korpset.

Hugs at det er farsdag på søndag!

Stord24 ønskjer god helg til alle lesarar 🙂

- Annonse -