Det siste bilete av båten "FRAM", teke utanfor Askvoll onsdag ettermiddag i førre veke. Foto: Trond Asperheim
- Annonse -

Hovudredningssentralen opplyser at dei har heilt sikre observasjonar av treskøyta FRAM utanfor Askvoll, og usikre obserevasjonar ved Askøy-brua.

Hobbyfotograf Trond Asperheim var tilfeldigvis ute og tok bilete førre torsdag, då treskøyta med den sakna stordabuen seilte forbi. Han er den siste som me sikkerheit har sett den sakna båten.

– Det var heilt tilfeldig at eg tok bilete av båten. Eg tek mykje bilete då dette er hobbyen min. Det var då eg las om saka at eg kjende igjen at eg hadde observert båten, fortel Asperheim.

Observasjonen vart gjort i 14-tida, same dagen som stordabuen drog frå land ved Kalvåg.

– Då eg følgte båten drog den ut i Vilnesfjorden. Då den passerte ein fiskefotbåt slakk han på litt og gjekk i mot bølgjene. Alt såg heilt normalt ut då.

Det var lokalavisa Firda som først melde om observasjonane til hobbyfotografen.

- Annonse -

Observasjon ved Askøy-brua

Hovudredningssentralen stadfestar at observasjonen til hobbyfotografen er den siste sikre observasjonen dei har av båten. Men dei har fått inn tips frå nokon som meiner dei har sett båten ved Askøy-brua utanfor Bergen.

– Me trur me har ein observasjon søndag, midt på dagen på sørspissen av Askøy. Men dette er ein usikker melding, seier redningsleiar Ola Vaage i Hovedredningssentralen.

– Kva gjekk denne meldinga ut på?

– Det er folk på land som har sett ei skøyte som var på veg inn mot Askøy-brua midt på dagen, som kan ligne veldig mykje på den same båten.

Likevel er ikkje tipset sikkert nok til at dei vel å avgrense redningsaksjonen til mellom Bergen og Stord.

– Me vil ikkje heilt sleppe tak i området frå Askvoll og sørover i og med at dette ikkje er ein sikker observasjon.

Mobiltelefonen avslått

Førebels er det ikkje sett i gang noko søkt etter den sakna båten. Vaage fortel at det vart vurdert å sende ut helikopter i ettermiddag, men dette blei avlyst.

– Politiet i Bergen og Stord driv etterretning. Dei går framleis ut på melding på Kystradioen, og så prøver me å nøste etter andre spor. Mobiltelefonen hans har ikkje gitt oss nokre svar. Den vart slått av ettermiddagen han drog, sør for Florø.

- Annonse -