- Annonse -

Dagfinn Lyngbø, Janove Ottesen og Mark Olson er berre nokre av dei som skal opptre på Stord dei komande månadane. 

Dagfinn Lyngbø har hatt stor suksess som komikar og standup-artist. I fjor selde han for over 60 000 billettar i Bergen åleine, og nasjonalt sett er det snakk om godt over 145 000 billettar.

No er det lagt opp til fleire ekstra framsyningar i året som kjem. Torsdag 15.mars kjem han til Stord Kulturhus, til glede for både publikum og arrangør.

– Me synest jo alltid det er kjekt at han kjem. Det er garantert fullt hus og god kvalitet, opplyser einingsleiar for Stord Kulturhus, Herdis Belsvik.

Lyngbø er satt opp på to framsyningar i mars, og begge er nesten utseld.

Han er ikkje den einaste som vil prøve å trekkje folk ut på byen i vår.

Store artistar i vente

- Annonse -

Janove Ottesen, tidlegare frontvokalist i Kaizers Orchestra, ga ut sitt første soloalbum i fjor med tittelen Artisten & Marlene. I februar kjem han tilbake til Stord for å opptre på Arena.

Etter billettsalet å dømme er det ingen tvil om at dette fell i god smak hos stordabuaren.

– Førre gong han var her selte me ut billettane på ein dag. I år brukte me to dagar på å selje han ut. Det er ikkje vanskeleg for oss å seie ja til han. Me veit at det blir bankers når han kjem, seier dagleg leiar Geir Kannelønning.

Andre artistar som kjem til Stord i løpet av våren er Vassendgutane som skal opptre i Fitjar Kultur og Idrettsbygg og Kvelertak på Arena.

I februar kjem den amerikanske alt-country-artisten Mark Olson på Olsen og Jensens viseklubb. Han er tidlegare frontfigur i det kjende bandet The Jayhawks, og vitja Stord for to år sidan.

Forutan dette går også 100 Dagar – festivalen av stabelen i januar, med ei lang rekkje gode artistar på menyen.

Breitt spekter

Men det er ikkje berre konsertar som vil prege kulturvåren. Stord Kulturhus kan by på fleire teaterarrangement i nærmaste framtid – både for store og små.

27. januar vil Stord Teaterlag presentere den nye musikalen «Prinsesse Tannlaus I Eventyrskogen». Musikalen er skriven av Christin Holm og Turid Lisbet Nygård. Ifølgje arrangøren sjølv kan publikum forvente å få sjå fleire karakterar frå dei mest kjende barneeventyra.

– Her er det mykje å glede seg til. Det er variert og noko for ein kvar smak og aldrar, kommenterer Herdis Belsvik.

Året byr også på eit par framsyningar av Riksteatret. Om ein månad kan ein ta turen til kulturhuset for å få med seg «Folk og røvarar i Kardemomme by».

Kanskje får ungane moglegheit til å helsa på røvarane?

- Annonse -